SyrstrondsBUI

SyrstrondsBUI låner ut fritidsutstyr. Hovedmålgruppa er born og ungdom i alderen 6-16 år.


Born og ungdom kan leige utstyr på eiga hand, men må ha med ei fullmakt frå føresette. Du kan låne utstyr frå ein dag og opp til ei veke. 

Dersom det er noko du saknar, håpar me du vil melde det inn til oss i Frivilligsentralen. For å leige tek du kontakt med Frivilligsentralen anten på mail eller på telefon. Det du låner må leverast tilbake til avtalt tid, i den stand du lånte det, og reint og tørt. SyrstrondsBUI finn du 2 etg. på Saften - når du kjem opp trappa tek du til venstre, og går ein "hestesko" til endes, så finn du oss i lokaler nedover mot fjorden. 

Då SyrstrondsBUI er under oppbygging, er det ei periode framover, kunn muleg å låne utstyr i bemanna kontortid. Me er hovudsakleg på kontoret måndag-torsdag. Send oss gjerne ei melding på førehand for å avtale tid og type utstyr, så kan du vere trygg på at me er til stades når du kjem innom :-)

Ei oversikt over kva me kan tilby finn du her: Utstyrsoversikt web

Fyll ut skjemaet nedenfor, så tar vi kontakt.

Send


2020 © Leikanger Frivilligsentral