HEI!

Velkomen til Leikanger Frivilligsentral! Me ønskjer å skape møteplassar, aktivitet og fellesskap for alle som bur på Leikanger. Her finn du informasjon om frivilligheita i bygda, kva som skjer og oversikt over lag og organisasjonar.

Lurer du på kva som skjer i bygda? I kalenderen under finn du oversikt over aktivitetar, arrangement og møteplassar på Leikanger. Her er det noko for både små og store! Ønskjer du å leggje inn noko i kalendaren? Ta kontakt!

Ta ein titt i kalenderen og bli med på det som skjer!

Kalendar

I kalendaren vår finn du opningstider på møteplassen vår RiverDal, og oversikt over aktivitetar og arrangement. Du kan klikke på arrangement/aktivitet for å få opp meir informasjon om dette.

Me har to ulike lokaler, som lag og organisasjonar kan låne gratis, etter avtale med oss. Send gjerne førespurnad til oss på epost: leikanger.frivilligsentral@sogndal.kommune.no, så tek vi kontakt.

For lån av utstyr på utstyrssentralen vår, SystrondsBUI, sjå eiga fane på toppen av heimesida vår.

Dato Kl. Tittel Sted
Fre 16.10 10:00 Open fredagsskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Lør 17.10 11:00 Laurdagskafe med Sans og Samling Kafeen - 2. Etasje på Saften
Man 19.10 10:00 Open mandagskafe på Saften Kafeen - 2. Etasje på Saften
Tir 20.10 11:00 Ope på BUA Leikanger Leikanger Frivilligsentral
Tir 20.10 19:00 Strikkekafè Kafeen - 2. Etasje på Saften

NYHENDE

Bli frivilleg

Det gjer godt å hjelpe - gjere ei nabobeina!

Me ynskjer fleire frivillege ved sentralen og her kan du melde di interesse

På frivilligsentralen driv me med eit breidt spekter av aktivitetar. Aktivitetane avheng i stor grad av frivillige si tilstadevering og hjelp. Tek du kontakt med oss, kan me i samråd med deg finne ut korleis du kan bidra ved vår sentral. Det er viktig for oss at du trives med det du gjer som frivilleg - uansett interesse.

Fyll ut skjemaet nedenfor, så tek me kontakt.

Eller du kan stikke innom oss på Saften!

2026 © Leikanger Frivilligsentral