LF RiverDal møteplass

Ein triveleg møteplass hjå Leikanger Frivilligsentral

LF RiverDal er lokalet for å møtast i ulike samanhengar. Me har mellom anna ordna til med koselege kafebord, levande peisbilde, kaffitraktar, vannkokar, vatn, twist og ulike brettspel som td. sjakk. 

Me kan justere musikk/lyd og belysning etter type aktivitet, og her er kjøpt inn låsbare skåp, slik at faste grupper kan få låse inn eige utstyr til aktivitetane sine frå gang til gang.

På dagtid opnar me for treff for ulike grupper som ynskjer det. Det kan vere skravlekroken kaffitreff, seniortreff eller småbarnstreff. På kveldane har ulike lag, organisasjonar og frivillige høve til å låne lokalet for aktivitetstilbod til bygda. Her kan ein på strikkekafe, drive med hobby, sjå ein film, spele brettspel, og mykje meir. Me vonar også å få til play stations-turneringar etter kvart med born og unge.

Er du engasjert og har lyst å skape ein møteplass på Leikanger, så kan det hende me er rette tilretteleggaren for deg!

Velkommen innom!

2024 © Leikanger Frivilligsentral