Om oss

Leikanger Frivilligsentral er ein nettverksbyggar, eit kontaktpunkt og ein tilretteleggjar for lokalsamfunnet på Leikanger. 

Leikanger Frivilligsentral er ein bidragsytar og del av lokalmiljøet på Leikanger. Ved å invitere til samarbeid med lag, organisasjoner og frivillege på Leikanger, ynskjer me å vere ein brubyggjar til å skape felles møteplasser for alle. 

Leikanger Frivilligsentral er kommunal, og er drifta gjennom fullt statstilskot til 100% stilling, og kommunale midlar. 

Me er to tilsette i reduserte stillingar, og har arbeidsplassane våre i lokalet SystrondsBUI utstyrssentral.:

Mona er dagleg leiar og har vore med frå 2019. Det inneber mellom anna flytting av Frivilligsentralen til Saften, og oppbygging av utstyrssentral, møteplass og "ny" driftsmodell . Mona har brei erfaring innan lagsarbeid, og i kursing, utdanning og jobb. Arbeidserfaringa kjem frå mellom anna arbeidsmarknadsbedrift, kulturhus, NAV, fiber- og internettutrullring og Høgskulen på Vestlandet. Grunnutdanninga er rekneskap, sosialt arbeid og mastergrad i organisasjon og leiing. 

Tor Talle er no frivilligkoordinator hjå oss, då Ingvild har permisjon. Tor har brei erfaring med ungdomsarbeid, musikk og arrangement. Han har vakse opp på Leikanger, og har lokalkunnskap om bygda og frivilligheita.

Ingvild er frivilligkoordinator men for tida ute i permisjon. Ho har vore tilsett sidan desember 2020. Ingvild er nyutdanna ergoterapeut med erfaring frå ulike spennande praksisfelt, samt at ho har tilleggsutdanning innan ungdomssosiologi, og har vore aktiv i lagsarbeid. Ingvild jobbar inn mot lag og organisasjonar på Leikanger, og har fullt oversyn over SystrondsBUI.

Hjarteleg velkommen innom til oss!

2024 © Leikanger Frivilligsentral