Unge eldsjeler - Ein vil gjerne invitere organisasjonen din til å søke plass til deltakarar i det nyoppstarta programmet «Unge Eldsjeler»

Ein vil gjerne invitere organisasjonen din til å søke plass til deltakarar i det nyoppstarta programmet «Unge Eldsjeler».Unge eldsjeler er eit eittårig program for dei mellom 18 og 30 år innanfor frivillige organisasjonar i Sogn og Fjordane. Tilbodet er gratis for både deltakar og organisasjon - og det er begrensa tal plassar i kvart kull.

Sogn og Fjordane er full av små og store tettstadar. Alle har behov for frivillig arbeid for å oppretthalde eit attraktivt fritidstilbod for born, unge, vaksne og eldre i deira lokalsamfunn.

Ei av dei store utfordringane for frivilligheita er å behalde eldsjelene over tid. Me ønskjer å styrke det frivillige arbeidet i regionen vår. Dette trur me kan gjerast ved å gi unge eldsjeler betre innsikt og kunnskap om å drive ein frivillig organisasjon og på denne måten motivere til vidare engasjement.

Difor tilbyr me fagleg påfyll om tema som:

  • Søknadsskriving
  • Organisasjonsarbeid (planlegging, økonomi) 
  • Styrearbeid 
  • Kommunikasjon og marknadsføring 
  • Pedagogikk og samhandling

Me legg opp til tre fysiske samlingar gjennom eit skuleår, der alle deltakarane møtast. Samlingane skal vera både sosiale, motiverande og nettverksbyggande. Årets første samling kan mellom anna by på Rib-tur og Olaf Tufte! 

Programmet er eit initiativ frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Dei la fram prosjektet for ViteMeir, som i dag står for prosjektleiinga. Du kan finne meir informasjon om innhald og retningslinjer i vedlagt pdf, og søknadsskjema og program på nettsida vår www.ungeeldsjeler.no Søknadsfrist: 31. august


2024 © Leikanger Frivilligsentral