Tilskot frå Gjensidigestiftinga

Ei gledeleg overrasking, då me fekk tilskot til arrangement for born og unge på Leikanger!

Ein måndag morgon vart me gledeleg overraska av Sigrid Henjum frå Gjensidigestiftinga!

Ho kunne fortelje at søknaden vår om midlar til arrangement og møteplass for ungdom (10-16 år) på Leikanger, verkeleg hadde falt i smak. Me fekk utdelt ein stor sjekk på kr 95.000,-!

Me ynskjer å nytte midlane ut att til lag og organisasjonar som vil arrangere møteplass for ungdommen i løpet av sommaren! 

Det kan bli fiskekveld, grilling, sandvolleyball med god musikk (deltakar eller tilskodar - uansett kjekt å møtast!), førstehjelpskurs, båtturar - kunn fantasien set grenser. Me vil gjerne invitere inn lag og organisasjonar som ser mulegheiter for å arrangere, der me kan vere medarrangør, og nytte tilskotet til utgifter ved arrangementet, samt gi gratis inngang. Har du ikkje høyrt frå oss, så blir me veldig glade for om de tek kontakt! :-)

Arrangementa vil ikkje bli lagt til veke 25 og 26. Då har ungdomsavdelinga sommarskule for ungdom i heile kommunen!

Elles vurderer me aktivitet som kan gå heile året. mellom anna ser me på mulegheiten for å handle inn til dømes play stations og arrangere spel-kveldar. Men då må ungdommen sjølv bli med på laget! Kom innom, sei frå kva som er "bra" og korleis dette kan bli kjekt! 

Kom innom oss for ein prat - måndagar og tysdagar er det gode mulegheiter for å treffe både Mona og Ingvild på Saften.

--- Leikanger Frivilligsentral - Riverdal møteplass og SystrondsBUI utstyrssentral  ---

2024 © Leikanger Frivilligsentral