Tenk miljø- lån gratis utstyr

SystrondsBUI er med og bidreg for miljøet ved å låne ut gratis utstyr til innbyggjarane på Leikanger.

Det er sikkert mange som kjenner på det når ein kjøper utstyr fordi ungane eller du sjølv har lyst til å prøve ein ny aktivitet. Ungane brukar det kanskje 1 til 3 gonger i året, eller dei veks fort ut av utstyret.

 Mange har boder og kjellarar fulle av utstyr som ikkje blir brukt og det er her SystrondsBUI ynskjer å vera til hjelp for miljøet og lokalsamfunnet. Vi har i dag i 2.etasje på Saften ein utstyrssentral der vi har kjøpt inn utstyr til ulike aktivitetar. 

 Har du lyst til å prøve ein ny aktvitet eller skal på tur med familien?  

Gå inn på heimesida vår og klikk deg inn på SystrondsBUI og finn utlånsportalen vår.

Leikanger frivilligsentral tilbyr lån av utstyr på nett. Ein kan berre gå inn på utlånsportalen vår som du finn her og tinge utstyret ein ønskjer. Me har ei ubemanna løysing kor ein kan låne utstyr i Saften sine opningstider. Ein vil i samband med dette få tilsendt ein kode for å kome inn til utstyrsrommet. 

NB! Ver vennleg å oppdatere deg på våre retningslinjer for lån og levering av utstyr på sida vår før du leiger.


2024 © Leikanger Frivilligsentral