SystrondsBUI

Kom innom oss for å låne fritidsutstyr!

SystrondsBUI er namnet på Leikanger frivilligsentral sin utstyrssentral. Dette er ein god mulegheit for å kunne prøve utstyr for første gang, eller låne til skuleturar- og aktivitetsdagar. Me har mellom anna skiutstyr, telt og soveposer, truger, klatreutstyr, syklar, einhjulssyklar, stormkjøkken, bålpanne og mykje anna kjekt fritidsutstyr. Det er heilt gratis å låne utstyr for barn og ungdommar!

Me har nyleg kjøpt inn ein ny og moderne lavo. Lavo er populært for blant anna barnehagar og skuleklassar å låne når det er aktivitetsdagar- og overnattingsturar. No har me to stk til utlån!

Me har også ei bålpanne som er perfekt til bruk ved aktivitetsdagar, og som ein kan lage mat på når ein skal på tur. Til bålpanna har me også mykje tilbehør som suppegryte, popkorngryte, kaffekjel og grillspyd!


Stormkjøkken og primus har me også til utlån. Dette kan vere kjekt å ha med seg på overnattingsturar, slik at ein får laga seg varm mat. 



Me har også kjøpt inn hengekøyer. Både hengekøyer med netting, men også enkle og doble hengekøyer. Dette er eit godt tilbod om ein vil prøve ut hengekøye for første gang. 



Soveposar har me også kjøpt inn fleire av, då dette var populært å låne i vinter. Me sender soveposane på rens etter kvart utlån. 

Me har også mange telt, og me har kjøpt inn oppblåsbare liggeunderlag!


Alt utstyret ligg inne på bookingsystemet vårt, som du finn her

Kom gjerne innom oss for å sjå på alt utstyret me har!


2024 © Leikanger Frivilligsentral