Sykkelturen 2022 - Balestrand - Leikanger - Sogndal

Programmet for "Sykkelturen 2022". Møt opp langs ruta og ver med å heie fram frivilligheiten!

No er Sykkelturen 2022-arrangementet like rundt hjørnet!, og me gledar oss stort til Sykkelturen 2022 på fredag 24 juni!

Sjå program her: 

I Balestrand startar sykkelturen kl. 10.00 frå Balahaugen og går vidare til Holmen. 

Her blir det litt program med mellom anna musikk frå Holmaduren, ein prat om frivilligheita v/Bøthun, ansiktsmåling og Stigegolf ved 4H. Det blir servering av kaffi, sveler til alle, og is til dei minste!

Etter transportetappe frå Balestrand, er me klare for Sykkeltur for Leikanger, Sogndal og Luster sin del.

Sykkelstart frå Stedjebukti ca. kl. 13.30

Du vil kunne sjå den flotte kortesjen syklande frå Stedjebukti til Sogndal alders- og sjukeheim, før dei rullar vidare bak Kulturhuset og ned i nedste fjøra. Syklane vil ha pilotar og passasjerer frå mellom anna Leikanger, Luster og Sogndal - alle våre frivillige har på spørsmål om å stille opp, sjølvsagt igjen svara JA! 

Endestoppen blir i eit yrande folkeliv i sentrumsparken, der Frivilligsentralane våre også har samla seg. Me får eit lite program med Sofadialog kring frivilligheit, kor våre lokale frivillige vil delta. Her vil ein mellom anna få lett servering til store og små, taktfull trekkspelmusikk ved Oddbjørn Ramstad, og gode ord om våre verdifulle frivillige.

 TUSEN TAKK TIL ALLE VÅRE FRIVILLIGE!

2024 © Leikanger Frivilligsentral