Sykkelturen 2022

Fredag gjekk Sykkelturen 2022 gjennom kommunen vår.

Fredag 24 juni gjekk Sykkelturen 2022 gjennom vår flotte kommune, for å markere og synleggjere frivillig arbeid og innsats i kommunen vår. 

Etter ei god natts søvn i Balestrand, starta ein sykkelturen med solskin, musikk og moro på Holmen. Sykkelturen starta frå Balahaugen og avslutta ved Holmen. Dei minste var i fokus hjå sykkelpilotane, så litt leik, moro og is stod sjølvsagt på programmet. Servering av sveler og kaffi, samt moro med aktiviteten stigegolf krydra dagen i Balestrand, før Kari Bolstad måtte skysse syklane vidare på etappen til Sogndal.




Vidare gjekk turen til Sogndal, kor ein stilte med syklar frå Sogndal, Leikanger, Luster,  med flotte representantar frå ulike lag og organisasjonar som til dømes Røde Kors, Frisklivssentralen og Speidaren. 
Frå fremste sykkel høyrde me fengande trekkspelmusikk, etter kvart som sykkelkortesjen kom forbi.
Ved Sogndal alders- og sjukeheim song barnehageborn for store og små, før sykkelturen gikk vidare til nedste fjøra. Ved Sogndal frivilligsentral hadde me saman rigga for sofa-dialog der det var samtale om viktigheita av frivillig innsats og arbeid. I tillegg var det servering av varmt og kaldt, og spennande smaksprøvar av syrisk mat, laga av Laila.


Frisklivssentralen v/Synne som pilot saman med Varaordførar Vibeke Johnsen og frivillig instruktør på Sterk og Stødig i framsete. 

Nokre av våre fantastiske pensjonistar på Leikanger som elskar frivillig innsats og gje tilbake til lokalsamfunnet. Pilot Nils Henjum, saman med Steinar Tveita og Finn Sundby i framsete. Spreke og aktive pensjonistar som legg ned mykje frivillig innsats i Røde Kors omsorg og sykling for bebuarar på sjukeheimen.

Dyktige Knut Henning Grepstad, konferansier ved markeringa utanfor frivilligsentralen. 

Kjekke og engasjerte damer frå Luster som stilte opp med vaffelsteiking. Representantar frå Røde Kors i Gaupne, samt helselaget i Gaupne.

Representant frå Røde Kors Sogndal og kaptein i sykkeletappen, Grete Fischer, og flinke Oddbjørn Ramstad på trekkspel, som sørga for nydeleg musikk langs ruta.

Våre flotte representantar frå Leikanger, frå venstre: Knut Henning Grepstad (Røde kors, Opplev Leikanger, Eldrerådet++), Petter Stenstadvold (Systrond Speidargruppe), Steinar Tveita (Røde kors omsorg), Finn Sundby (Røde kors omsorg og pensjonistlaget) og Nils Henjum (røde kors omsorg). 


Flotte representantar frå Sogndal Røde Kors!


Luster Frivilligsentral v/Anita og Cecilie. Sykkelpilot er ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen!

Laila og heile familien hennar hadde laga syrisk mat til arrangementet.

Åge (Sogndal Frivilligsentral), Leidulf Kvam (teknisk ansvarlig på sykkelruta), Anita og Cecilie (Luster Frivilligsentral), Vegard, Ingvild og Mona (Leikanger Frivilligsentral). 

Kommunen vår fekk vist seg fram frå si beste side denne dagen - med solskin, musikk og glede  - til ære for alle frivillige og innsatsen dykkar som me set enormt stor pris på!
Etter ein times pause gjekk ferda for Sykkelturen vidare mot Hardanger. Norges Frivilligsentral sine syklar fer frå Nordkapp til Arendal - og kom sjølvsagt gjennom Sogndal kommune: 
Heia våre Frivillige og Frivilligheitas år 2022!


Tusen takk til alle som stilte opp, det vart eit skikkelig vellukka arrangement!
2024 © Leikanger Frivilligsentral