Romjulsope på LF Møteplassen

LF Møteplassen vil i romjula halde ope med romjulskafe, samt filmframvisningar for barn og ungdom.

Leikanger Frivilligsentral vil halde ope i romjula med filmframvisning for barn og ungdom, og romjulskafe på LF Møteplassen (2. etasje Saften). 

Måndag 21 desember vil det vere kafe frå kl 10.00- 1200. Måndag 28 desember vil det bli arrangert Romjulskafe på Møteplassen frå kl 10.00-13.00. Her vil det bli sal av kaffi og påsmurte rundstykker. 

Vi ynskjer også å skape ein møteplass for barn og ungdom i jula, og inviterer derfor til filmframvisningar 22. desember og i romjula. Den 22 desember vil det frå kl 12 bli vist disneyfilm for dei minste.

Tysdag 29 desember vil det bli vist disneyfilm frå kl 1200, og Hjemme Alene 1 frå kl 1430, ein film for alle.

Onsdag 30 desember vil det også bli vist disneyfilm frå kl 1200 for dei minste, og Hjemme Alene 2 frå kl 1430.

Me har arrangement på Møteplassen i henhold til smittevernsreglane, og det er viktig at alle opprettheld 1 meters avstand og bruk av antibac. Dersom ein ikkje er frisk, må ein halde seg heime. Ein må registrere seg med namn og telefonnummer i døra, for å effektivt kunne spore smitte.

Ein tek med drikke og anna filmsnacks ein ynskjer sjølv.

Me oppfordrar til godt oppmøte, ta gjerne med familie og venner.

Vel møtt til Møteplassen!

2024 © Leikanger Frivilligsentral