Retningslinjer for lån av utstyr frå SystrondsBUI

Les deg opp på retningslinjene våre før du låner utstyr!

Før ein booker utstyr hos oss, er det viktig å lese seg opp på retningslinjene for lån av utstyr frå SystrondsBUI!


  • Ein SKAL alltid legge inn elektronisk bestilling av utstyret gjennom bookingsystemet vårt, som du finn her: https://utlan-leikanger.custompublish.com/ 
  • Me har KUN henting og levering av utstyr i bemanna tid tirsdag og torsdag.
  • Henting og levering skal skje i bemanna tid, men dersom ein ikkje har muligheit, skal det avtalast med oss i god tid, slik at de kan få koden til døra og hente/levere utstyr sjølv.
  • Ved tilsendt kode på døra, skal denne ikkje gjevast ut til andre!
  • Ein kan låne fleire produkt om gongen, men med ei maks grense på 7 produkt om gangen.
  • Under kvart produkt finn du ein kalendar der du må booke for ein aktuell periode (maks 7 dagar om gongen). Ein vil også kunne sjå om produktet er ledig for den aktuelle perioden.
  • Personopplysningar og eigenerklæring skal fyllast ut før ein sender bestillinga.
  • Hugs å lese gjennom våre utlånsbetingelsar.
  • Når bestillinga er sendt vil du motta ein kvittering på mail.
  • Ved henting av utstyr er det viktig at ein ikkje rotar til i hyllene kor ein har vore. Me er avhengig av å ha eit fast system på produkta slik at det er enkelt å finne fram for neste mann som kjem for å låne.
  • Ver nøyen med å reingjere og tørke utstyret før du leverer det tilbake.
  • Levering: Legge utstyret inntil glasvegg i lokalet vårt, slik at me kan gå over utstyret, registrere tilbakelevering, vaske etc. før det blir lagt tilbake i hyllene. Hugs å melde ifrå på mail til oss dersom eventuelle skadar på utstyret har oppstått.
  • Pass på å overholde utlånsperioden på 7 dagar.
  • Ta alltid kontakt med oss på tlf 94136251 eller på mail: leikanger.frivilligsentral@sogndal.kommune dersom du har spørsmål til lån av utstyr frå SystrondsBUI.  


Me har laga ein informasjonsvegg ved inngang til SystrondsBUI, som de ser bilde av her:

2024 © Leikanger Frivilligsentral