Oppsummering av SommarMoro 2021

SommarMoro på Leikanger vart ein stor suksess med mange kjekke arrangement og aktivitetar.

Det vart ein kjekk sommar på Leikanger! 

Leikanger Frivilligsentral har gjennomført SommarMoro 2021, saman med fantastiske frivillige på Leikanger!


AKTIVITETSDAG MED SANS OG SAMLING

Som starten på LF SommarMoro 2021 arrangerte Sans og Samling aktivitetsdag for barn. Her samlast barn utanfor Sans og Samling butikken i finværet, og ungane fekk lage si eiga eiga regnboge av stoff og garn. Ein artig og kreativ aktivitet, der ungane fekk ei fin stund saman. 


RIB - TO DAGAR MED SJØSPRUT OG MORO

Så moro med RIB-køyring på Fjorden saman med Jan Erik Bøyum og Andreas Gjerde. Dette var ein artig og populær aktivitet, så RIB arrangerte me to dagar. Ungdommane storkosa seg på RIB, og me hadde ein fin tur i fantastisk natur og i fint sommarvær. Me tok også ein stopp innom Balestrand for å kose oss med is og brus.


FISKEKONKURRANSE OG GRILLING

Leikanger Jakt – og fiskelag arrangerte aktivitetsdag med fiskekonkurranse og grilling for barn og ungdom den 21 juli. Ungane storkosa seg i finværet med fisking, bading, samt at dei fekk grilla aure til middag og is til dessert. Stor stemning!


QUIZ MED BIBLIOTEKET PÅ SAFTEN

Me hadde i tillegg quiz på biblioteket 28 juli. Her hadde Kristin på biblioteket ordna til ein quiz i anledning Sommarles som ungdommane fekk bryna seg på. Dei fekk servert brus og popkorn, og me hadde ei triveleg stund ilag på biblioteket. Alle deltakarane fekk fine premiar for deltakelsen.



UTEKONSERT MED STORT OPPMØTE

Eitt av dei største arrangementa på LF SommarMoro var utekonserten me hadde i parken utanfor Saften 5 august. Målet var å skape ein møteplass først og fremst for barn og ungdom, men også å skape stemning for heile bygda. Denne konserten vart ein kjempesuksess med eit publikum på bortimot 200 -  det var mange som tok turen innom konserten og kosa seg. 

Tusen takk til alle som kom, og til Tor Talle for god hjelp under gjennomføringa av konserten. Takk til alle artistar som stilte opp , og til Leikanger Røde kors som mellom anna bidrog med vakthald, sanitær og smittevernregistreringar på konserten. 

Saman bidrog me alle som ein, til ein fantastisk fin kveld for barn og unge på Leikanger!



KURS- OG AKTIVITETSDAG

SommarMoro blei avrunde med at Leikanger Røde Kors arrangerte aktivitetsdag for barn og ungdom i lokalet sitt på Hanahaug. Ungdommane fekk ein gjennomgang i ulike oppdrag som Røde Kors har. Dei fekk blant anna prøve seg i fleire tema innan førstehjelp og søk og redning. Det vart også kjekke konkurransar, blant anna søk etter Twist som vart gøymt attmed ein skredsøkar. Kjekt at mange ungdommar møtte opp til ein kunnskapsrik og artig aktivitetsdag.


Volleyballgruppa skulle også arrangere volleyballturering for 7- 10 klasse, men denne vart dessverre avlyst, grunna for lite påmeldingar. Det vil bli arrangert volleyballturering ved ein seinare anledning. 


Tusen takk til alle lag, organisasjonar og frivillige på Leikanger, som stilte opp og køyrte i gang med aktivitetar saman med oss, og alle andre som har vore med og bidrege til ein fin sommar for barn og unge på Leikanger. Me håpar at barn og unge på Leikanger har fått mange gode sommarminne og opplevingar.

Ei spesiell takk til Gjensidigestiftelsen for at me fekk midlar til å skape inkluderande, sosiale og kjekke møteplassar for barn og unge på Leikanger. 


2024 © Leikanger Frivilligsentral