Oppstart av aktivitetar

Sommarferien er over og me startar opp igjen med dei faste aktivitetane våre

Hei alle sammen!

Håpar alle har hatt ein fin ferie, og kosa seg masse i det fine sommarværet me har hatt. Håpar alle no er klare for ein flott haust på Leikanger. 

Leikanger Frivilligsentral startar opp igjen med dei faste aktivitetane, og me gledar oss til å sjå både kjente og nye fjes på dei ulike aktivitetane våre og på møteplassen vår RiverDal. 

Me har også fått mykje nytt utstyr på SystrondsBui (utstyrssentralen vår), og me jobbar med å få lagt det ut i bookingssystemet vårt. Kom gjerne innom oss dersom du er interessert i å låne utstyr- lån av utstyr er heilt gratis. 

Aktivitetar ved sentralen:

Mandagar: 

Kafe på LF Riverdal frå kl 10.00 til 13.00. Kafeen er open for absolutt alle, ta gjerne turen innom oss.

Tysdagar: 

  • Barseltreff på LF Riverdal frå kl 10.00. 
  • Gåtur frå kl 11.00. Oppmøte ved parkeringsplassen ved gravplassen i Strandavegen. Alle er hjertelig velkommen til å bli med på trimtur!
  • Strikkekafe startar opp igjen i starten av september. Meir informasjon kjem etter kvart.

Onsdagar: 

"Skravlekroken" på LF Riverdal frå kl 10.00. Alle er hjertelig velkommen innom oss for ein kaffikopp og prat.

Torsdagar:

"Skravlekroken" på LF Riverdal frå kl 10.00. Alle er hjertelig velkommen innom oss for ein kaffikopp og prat.

Basistrening for ungdom frå kl 15.00 til 16.00 i hallen på Saften. Dette tilbudet er i samarbeid med Systrening AS.

Fredagar:

 Kafe på LF Riverdal frå kl 10.00 til 13.00 (startar opp igjen i veke 35).

Velkommen innom oss😀

2024 © Leikanger Frivilligsentral