Opningstider i romjula

Hei alle sammen :-)

Me tilsette på frivilligsentralen tek juleferie frå og med 23 desember. 

Våre frivillige, Elin og Anne Grete, tek sikte på å opne for kaffitreff ein dag i romjula. Dei satsar på å halde ope onsdag 29 desember frå kl 10 til 12. MEN dette kan bli avlyst dersom det er ei auke i koronasmitte i kommunen. 

Nokre av våre frivillige vil også vere tilgjengelig på telefon dersom du treng nokon å prate med i romjula. Alle kan ha behov for å prate med nokon, og spesielt i denne perioden med strenge restriksjonar som gjer at folk får ein litt annleis kvardag. Kanskje du føler deg litt åleine, og av ulike grunnar ikkje kjem deg ut. Kanskje du er i karantene eller isolasjon, eller ikkje får feira jul med familien din.. Ikkje ver redd for å ta kontakt med våre hyggelige frivillige om du har behov for å prate- våre frivillige har teieplikt, så samtalen blir mellom dykk. INGEN skal føle seg åleine, og me vil gjere alt me kan for å motverke dette.

Kontaktinformasjon: 

Elin Borlaug- 91391447

Anne Grete Orrestad- 91510391

Therese Lunde- 94882293

Me vil ønska alle ei riktig god jul og me gledar oss til det nye året med fleire sosiale treff :-)

Julehelsing frå Ingvild og Mona 

2024 © Leikanger Frivilligsentral