Open Hall 2022/2023

Nye datoar er satt for å arrangere Open hall!

OPEN HALL

Me arrangerte Open hall i forbindelse med Fruktbare dagar ifjor, og det var full fart i Leikangerhallen og ein stor suksess. 

Me satt også opp fleire dataoar hausten 2021 og vinteren 2022, men Open hall vart dessverre avlyst på grunn av korona, sjukdom og få frivillige. 

No håpar me å få dratt Open hall skikkelig i gang igjen etter pandemien! :-)

Open hall er eit gratis lågterskeltilbod i Leikangerhallen til alle barn og barnefamiliar som ønsker å nytte seg av det. Her kan barn få leike med ball, syklar, madrasser, bandy og liknande. Tilbodet baserar seg på frivilligheit, der ein er avhengig av å få med seg lag og organisasjonar til å drifte arrangementa. 

Er du eller ditt lag interessert i å kunne drifte Open hall for barn ein av datoane nedanfor, så ta kontakt med oss! Det er også muligheit for å låne kjøkkenet til kaffikoking, steiking av vafler osv, slik at ditt lag eller organisasjon kan ha kioskdrift der det er muligheit for å tene litt peng til andre arrangement som de planlegger.

Open hall blir arrangert desse datoane i 2022/2023:

1 oktober: Open hall i forbindelse med Fruktbare dagar - Syril handball 

27 november: Open hall kl 10:00 til 13:00 - Røysaleite Grendalag

22 januar: Open hall kl 10:00 til 13:00 

26 februar: Open hall kl 10:00 til 13:00

Ta kontakt med oss på mail eller telefon 94136251 om det er ein aktuell dato som du/de kunne tenkt dykk å bidra😀



2024 © Leikanger Frivilligsentral