Nytt aktivitets- og fritidsutstyr i SystrondsBUI

Me har fått inn mykje nytt aktivitetsutstyr i utstyrssentralen vår!

Me har kjøpt inn mykje nytt aktivitets- og fritidsutstyr til utstyrssentralen vår og har no lagt ut alt i bookingsystemet vårt.

Me har blant anna kjøpt inn dart, biljard, sjakk, kubb, fleire frisbee, tennisracketar og bordtennisracketar. Me har også kjøpt inn hengekøyer, som er kjempe populært. Har du lyst å teste ut om hengekøyetur er noko for deg, kan du komme innom å låne heilt gratis hos oss.

Me har også kjøpt inn justerbare rulleskøyter i fleire størrelsar, og me har også kjøpt inn skateboard, som er populært blant ungdom. Beskyttelsesutstyr til rulleskøyter og skateboard er også kjøpt inn, og det kan vere lurt å booke sikkerheitsutstyr når ein skal nytte desse to aktivitetane. 

Mindre tursekkar (28L) er kjøpt inn. Desse kan ein bruke til kortare turar, der ein har plass til matpakke, drikkeflaske og klede. 

 

I tillegg til det nye utstyret, har me kjøpt inn meir av utstyr me allerede har, sidan det i periodar er stor etterspørsel. Me har blant anna kjøpt inn fleire soveposar og liggunderlag, stormkjøkken og fleire fiskestenger. 

Det er heilt gratis å låne utstyr hos oss, og dette er eit godt tilbod som me håpar mange barn og ungdom vil nytte seg av. 

Link til bookingsystemet vårt finn de her:

https://utlan-leikanger.custompublish.com/

Ta gjerne turen innom oss!😀


2024 © Leikanger Frivilligsentral