Nettverkstreff for Sogn sine Frivilligsentralar

Sognanettverket med fem frivilligsentralar i Sogn, møttes onsdag på Leikanger Frivilligsentral. Med sol frå blå himmel, fekk me vist fram eit Leikanger som glitra både på fjorden og i fjedli!


I Sogn har me fem godt drivne og engasjerte Frivilligsentralar!

I tillegg til Leikanger Frivilligsentral, har me Årdal Frivilligsentral, Lærdal Frivilligsentral, Luster Frivilligsentral og Sogndal Frivilligsentral.

Dagleg leiarar frå dei 5 frivilligsentralane me har i Sogn. f.v.: Leikanger v/Mona Teigen Kvam, Årdal v/Frank Eldegard, Lærdal v/Anne Kristin Evensen, Sogndal v/Åge Vedvik og Luster v/Anita Kjørlaug. Foto frå lunsj på Fjordkroa.

Den einskilde sentral er drifta ut frå lokale behov og føresetnader for den bygda me servar. Det er difor både likskap og ulikskap mellom våre fem sentralar. I nettverkstreffa våre får me drøfta utfordringar, tankar og idèar, og me skapar engasjement for tida som kjem.

Onsdag var naturleg nok utfordringane rundt korona-restriksjonane eit tema. Me har alle stilt opp med organisering rundt frivillig arbeid, som hjelp til bygda og kommunen, for å løyse oppgåver. Erfaringsutvekslinga var svært nyttig, og me er betre rusta mot hausten dersom det igjen skulle melde seg eit slikt behov.

Elles ser me med stor glede på det store engasjementet som stadig breiar seg i befolkninga rundt det å bidra med "ei beina" - stor eller lita - alt betyr noko! Kommunen og politikarar heiar fram Frivilligsentralane. Dette skaper naturleg nok ein ekstra glød blant oss som jobbar med det til dagen.

Leikanger Frivilligsentral fekk også presentert vår nye frivilligkoordinator, Tonje Norheim Tangerud. Ho er tilsett i 50% engasjement, og har allereie byrja å få i gang aktivitetar tilpassa alle (og med omsyn til koronarestriksjonane). Tonje utfordra i Boccia, og me fekk løsna på lattermusklane og ikkje minst fekk me skjerpa konkurranseinstinket! 

Åge og Anita i djupe konsentrasjon, medan Anne Kristin får sett Tonje sitt luftige splitthopp!



Me ynskjer Tonje hjarteleg velkommen!  Med Tonje på plass kan me sjå fram til fleire aktivitetar og møteplassar på Leikanger. Håpar det er noko for alle, og som ein kjenner at ein har lyst å vere med på. 

Takk til Sognanettverket Frivilligsentralar for godt og engasjerande treff! Me gledar oss  til ferda vidare med alle dei gode frivillige i nydelege Sogn! 

Frå eit samla Sognanettverk Frivilligsentralar, ynskjer me våre frivillige, samarbeidspartar og sambygdinar ein rettleg 

GOD SOMMAR!



2024 © Leikanger Frivilligsentral