Maja Lunde kjem til Sogndal 22. oktober kl. 19.00

Torsdag 22. oktober kl. 19.00 kjem Maja Lunde til Sogndal bibliotek. Ho vert bokbada av Katrine Sele. Det er påmelding til arrangmentet og begrensa plassar. Maja Lunde er ei av våre mest suksessfulle forfattarar. Bøkene hennar er oversette til over 40 språk og har selt meir enn 2,5 millionar kopiar over heile verda.

                        

Lunde har skrive bøker både for barn, ungdom og vaksne, og er gjerne mest kjent for boka Snøsøsteren og Klima-kvartetten beståande av bøkene Bienes historie (2015), Blå (2017) og Przewalskis hest (2019).

Lunde er i desse dagar aktuell med boka De første dagene (2020), og oppfølgaren til Snøsøsteren, Solvokteren (kjem 07.10.20).

Katrine Sele er journalist og forfattar. Hennar siste bok var Jølster hotell: historier frå eit asylmottak (2017).

Ho er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet, og leiar Team for formidling, synlegheit og mediekontakt, og leiar bokkafear på HVL-biblioteket. 

 

For å melde deg på arrangementet, ta kontakt med biblioteket og oppgje namn og telefonnummer:

E-post: skranke@sogndal.folkebibl.no

Telefon: 57 62 96 60

Det er framleis viktig å overhalde smittevernsreglane; 

Hald avstand til andre,

hald god handhygiene,

og kom på biblioteket når du er frisk.

https://www.sogndal.folkebibl.no/maja-lunde-kjem-til-sogndal-22-oktober-kl-19-00.6337054-160201.html


2024 © Leikanger Frivilligsentral