LF SystrondsBUI

Lån utstyr hjå oss

SystrondsBUI er namnet på Leikanger frivilligsentral sin utstyrssentral. På SystrondsBUI kan du låne fritidsutstyr til ulike aktivitetar for barn og ungdom heilt gratis. Dette er ein god muligheit for å kunne prøve utstyr for første gang, eller låne til skuleturar- og aktivitetsdagar. Me har mellom anna skiutstyr, telt og soveposer, truger, klatreutstyr, syklar, einhjulssyklar, stormkjøkken, bålpanne og mykje anna kjekt fritidsutstyr.

Idag har me rydda i SystrondsBUI, vaska og rydda i reolane, og fått på plass vinterutstyret i hyllene igjen.

Snart kjem snøen, og me har mykje vinterutstyr som de kan låne, heilt gratis!

Me har gode og moderne langrennsski med integrerte feller. Me har også slalomski i ulike størrelsar. 

På bildet under ser ein ei oversikt over langrennssko og slalomsko i ulike størrelser for barn og ungdom. 


Me har mange soveposar, som er perfekt å låne dersom ein skal på overnattingsturar!


Me har moderne slalomhjelmar og slalombriller. 


Trugeturar er blitt ein kjekk aktivitet for store og små. Dersom ein skal gå tur i snøen, er truger eit godt alternativ! Me har også gode hovudlykter og skredsøkarar som er mulig å låne. 

Me har både enkle og doble hengekøyer, og hengekøyer med netting. 


Sjekk ut bookingsystemet vårt her

Ta kontakt med oss eller kom innom oss i opningstidene dersom du vil sjå i utstyrssentralen vår eller om du har spørsmål!


2024 © Leikanger Frivilligsentral