LF Møteplassen

Filmkveldar for ungdom på LF Møteplassen i Saften!


Leikanger Frivilligsentral ynskjer å skape møteplassar sjølv om covid-19 jobbar litt i mot oss for tida. Me ser kor viktig det er å kunne ha nokre sosiale møtepunkt!

Av omsyn til smittevern vil ikkje filmkveldane bli ope marknadsført, men me inviterer klassevis/faste grupper til filmkveld. Det blir 1 gang i veka framover, og me satsar også på noko filmkos i romjula.

Først ut er ungdomsskulen og 10. klasse. Dei er invitert til "Høytidelig din":

m.media-amazon.com/images/M/MV5BYWVmYTFjODItOTY...

Ein tek med drikke og anna filmsnacks ein ynskjer sjølve!

Vèl møtt til filmkveld!

2024 © Leikanger Frivilligsentral