Leikanger frivilligsentral søker frivillige

Me ønskjer frivillige til våre aktivitetar

Leikanger frivilligsentral ønskjer frivillige som kan bidra i ulike aktivitetar hos oss. Me har ulike typar aktivitetar for forskjellige målgrupper, både for barn og unge, men også eldre og pensjonistar. Me treng fleire frivillige som kan vidareføre kjekke aktivitetar på sentralen vår. Nokre av aktivitetane våre er heilt avhengig av at frivillige er tilstades og kan legge til rette for aktivitet. Ta kontakt på telefon 94136251 dersom du ønskjer å melde deg som friviilig, så finn me ut av kva du kan bidra med. Saman med frivilligkoordinatoren vår finn me ut av aktivitetar som du kan bidra med ut i frå interesser og ønskjer. Det å vere frivillig treng ikkje å vere bindande, og me legg til rette for fleksibilitet når det er ønskeleg. 

Ta kontakt med oss på telefon, eller kom gjerne innom oss på kontoret for ein hyggeleg prat!

Beste helsing

Ingvild og Mona

Leikanger frivilligsentral

2024 © Leikanger Frivilligsentral