"LAGET VÅRT! - Sommarlunsj på våre miljøskaparar på Frivilligsentralen!


"LAGET VÅRT!


Systrendingar og me som jobbar på Frivilligsentralen, har nokre fantastiske miljøskaparar rundt oss :Ivar, Karin, Anne Grete, Finn, Elin og Irene!

Dei stuller og steller for bygdafolket, forbireisande og ikkje minst oss to som jobbar her! Lån av utstyr, nytrekt kaffi, sjokolade og vafler - kunne me hatt betre (arbeids-)dagar på Frivilligsentralen - niks! 🙂 Hjå oss møtes bygdafolket til ein kaffikopp, skravling og latter, i triveleg lag - takka vere denne gjengen frivillige som overtek bygdalokalet LF RiverDal, fleire dagar i veka! 


No er det ferietid, og mange frivilligsentralar må halde stengt, men hjå oss finn du det ope opp til fleire dagar i veka også i juli månad


  • Ivar og Tor styrer LF RiverDal heile juli månad, og skravlekroken står og ventar på blide sambygdingar kl 9-14.
  • LF SystrondsBUI er også open gjennom å booke utstyr frå vår heimeside, med henting og innlevering tysdagar og torsdagar, av Tor og Finn
  • SommarMoro er full sving, og alle dei frivillige i lag og organisasjonar på Leikanger, tek seg av born og unge: 
    • Gratis aktivitetar, inkludering og ingen krav til 'merkeklede' - berre å møte opp! SO STAS!


Tusen takk til alle frivillige for at me spelar på same lag!


Vil med dette få ynskje alle våre følgjarar og medspelarar ein RETTLEG GOD SOMMAR!


 Mona 🙂"




2024 © Leikanger Frivilligsentral