Juletrepynting av kreative born og unge - tusen takk!

Me inviterte til pynting av tre utanfor Saften, og responsen, iveren og kreativiteten har vore strålande god!


Me inviterte til pynting av tre utanfor Saften, og responsen, iveren og kreativiteten har vore strålande god!

Fleire klassar, SFO, arbeid og aktivitet og ulike barnehagar har pynta kvart sitt tre. Det har vore koseleg å sjå all aktiviteten her ute: det er blitt kjempefint og gir veldig god julestemning. Me er takknemlege og seier tusen takk til alle: kom innom og hent deltakardiplom og julesnacks!

2. klassingane stakk av med prisen som donerast til veldedig formål. Små strikkeluer frå kvar elev heng så fint i treet deira, og gir oss ei god og lun julekjensle. 

Dei har valgt å gi prisen sin til SOS barnebyer. Leikanger Frivilligsentral og Opplev Leikanger står saman i førjulspyntinga, og vil saman overføre desse kronene til SOS barnebyer frå 2. klasse på Leikanger!

Her eit lite knippe bilder av flott julepyntning:

2. klassingane stakk av med ekstrapremien, som donerast til eit veldedig formål. Dei er samstemte om at SOS barnebyer skal få desse kronene. Det er ei kjærkommen og FLOTT JULEGÅVE:

2024 © Leikanger Frivilligsentral