"Førjulskos på Leikanger"

Bli med å pynt tre!

Oppdrag «Førjulskos på Leikanger»

For å skape juleglede og koseleg julestemning på Leikanger, ønsker Frivilligsentralen og Opplev Leikanger å utfordre private, lag og organisasjonar, skuleklassar, barnehagar til å pynte kvar sitt tre utanfor Saften og i parken. Dette var ein stor suksess i fjor, så me vil gjere dette i år også! Det vert kåring av det mest kreative og flottaste treet, og vinnaren får ein pengepremie som kan donerast til valfri organisasjon.


Retningslinjer:

•       Påmelding til leikanger.frivilligsentral@sogndal.kommune.no eller telefon 94136251. Når de har meldt dykk på, vil de få tildelt eit tre som de skal pynte.

•       Pynten må tåle å henge ute i regn og vind

•       Pynten må ikkje henge så langt ned at den kan skade bilar som står parkert

•       Tenk miljøvennlig og ver kreativ!

•       Ein kan kun pynte tildelt tre som ein får ved påmelding

•       Treet bør pyntast innan 8 desember, men jo fortare jo betre! 

•       Vinnaren blir kåra av tilsette ved frivilligsentralen saman med styret til Opplev Leikanger 16 desember.


Me håpar så mange som mulig ønsker å delta!

Med vennleg helsing

Leikanger Frivilligsentral og Opplev Leikanger




2024 © Leikanger Frivilligsentral