Flott markering av Eldredagen

Det vart ein flott markering av Eldredagen 2020 i Villmarka torsdag 01.10.20. Den blei arrangert av Leikanger Pensjonistlag og Leikanger Frivilligsentral

Det var god stemning med godt oppmøte i Villmarka torsdag 01.10.20. Sebastian Øyrehagen frå Sognenett fekk seie litt om deira bedrift og kva dei kan bistå med. Jon Lunde, Henning Rivedal og Odd Njøs stod for flott underhaldning og Villmarka med Grete i spissen laga nydeleg suppe til alle saman. Finn Sundby frå Pensjonistlaget og Tonje Norheim Tangerud frå Leikanger Frivilligsentral ynskte alle velkommen og informerte om kva aktivitetar ein tilbyr i dag og kva ein ynskjer å få til framover.



2024 © Leikanger Frivilligsentral