Datoar for Open hall

Nye datoar er satt for å arrangere Open hall

OPEN HALL

Me arrangerte Open hall i forbindelse med Fruktbare dagar, og det var full fart i Leikangerhallen og ein stor suksess.

Tusen takk til alle frivillige som var med å bidra til at barn og unge fekk ein kjekk aktivitetsdag i Leikangerhallen!

Open hall vil derfor bli arrangert ein søndag i måneden i perioden oktober til mars, og datoane er no satt.

Open hall er eit gratis lågterskeltilbod i Leikangerhallen til alle barn og barnefamiliar som ønsker å nytte seg av det. Her kan barn få leike med ball, syklar, madrasser, bandy og liknande. Tilbodet baserar seg på frivilligheit, der ein er avhengig av å få med seg lag og organisasjonar til å drifte arrangementa. 

Er du eller ditt lag interessert i å kunne drifte Open hall for barn ein av datoane nedanfor, så ta kontakt med oss! Det er også muligheit for å låne kjøkkenet til kaffikoking, steiking av vafler osv, slik at ditt lag eller organisasjon kan ha kioskdrift der det er muligheit for tene litt peng til andre arrangement som de planlegger.

Open hall blir arrangert desse datoane i 2021/2022:

2 oktober: Open hall i forbindelse med Fruktbare dagar frå kl. 12.30 til 14.30 (gjennomført)

28 november: Open hall kl 10.00 til 13.00 

16 januar: Open hall kl 10.00 til 13.00 (fotballgruppa til Syril)

20 februar: Open hall kl 10.00 til 13.00 

6 mars: Open hall kl 10.00 til 13.00 

Ta kontakt med oss på mail eller telefon 94136251 om det er ein aktuell dato som du/de kunne tenkt dykk å bidra😀

2024 © Leikanger Frivilligsentral