Årsmøtet i Systrond Sogelag vert 30. mars kl. 19:00 på Leikanger Fjord Hotel. Det vert vanlege årsmøtesaker, men også eit spennande føredrag med arkeolog Therese Nesset.

Det vert årsmøte og ope møte i Systrond Sogelag  

            30. mars kl. 19:00 på Leikanger Fjord Hotel.

Etter vanlege årsmøtesaker får vi eit spennande foredrag av arkeolog Therese Nesset.


Alle er også velkomne til årsmøtet


 Kl. 19.00 – Årsmøte med vanlege årsmøtesaker:
 Sak 1. Godkjenning av innkalling og saksliste m. v.
 Sak 2. Årsmelding for 2022
 Sak 3. Rekneskapen for 2022
 Sak 4. Val
 Sak 5. Ymse
 
 Kl. 20.00 (ca) – Fagleg foredrag
 
Med arkeologen sine auger på gardar og gardsliv på Leikanger i mellomalderen (1030 – 1537)
 Leikanger er ei tradisjonsrik jordbruksbygd med godt klima, gunstig temperatur, store fjellvidder og mykje sol. Her er det såleis gode vilkår for landbruk.
 Arkeologen Therese Nesset tek oss med inn i dagleglivet til bøndene på Leikanger i mellomalderen. Ho vil drøfte korleis gardslivet på Leikanger kan ha vore i perioden.
 Therese har ein doktorgrad i mellomalder arkeologi ved Universitetsmuseet i Bergen. I doktorgradsprosjektet studerte ho ulike sosiale, økonomiske og kulturelle tilhøve med utgangspunkt i fem arkeologiske undersøkte gardar på Vestlandet. Avhandlinga er publiser på Bora.no
 Therese er oppvaksen og busett på Leikanger. No jobbar ho som førstekonservator ved Musea i Sogn og Fjordane. Arbeidsplassen er De Heibergske Samlinger på Kaupanger.

2024 © Leikanger Frivilligsentral