-
Ferieavvikling på Leikanger Frivilligsentral 2025
Sommarmoro 2025
Sommarmoro er eit gratis tilbod til alle born og unge. Klikk deg inn og sjå alle dei flotte aktivitetane som frivillige lag og organisasjonar kan tilby i sommarferien på Leikanger.Me har fått innvilga tilskot frå Gjensidigestiftinga til å arrangere sommaraktivitetar for barn og unge i sommarferien.
Sommarmoro er eit samarbeid mellom Leikanger Frivilligsentral og lag og organisasjonar på Leikanger.
Tusen takk til alle dei frivillige som er med og bidrar til kjekke aktivitetar og skapar gode møteplassar for barna og unge på Leikanger!
Me ser fram til mange kjekke stunder med store smil, latter og inkludering. Håpar mange vil nytte seg av tilbodet og melde seg på.
Påmelding skjer påmeldingsskjema eller å sende mail direkte til e-postadressa som er oppnevnt i den aktiviteten du ønsker å melde deg på. Dersom du har nokre spørsmål til aktiviteten eller andre ting, så ta kontakt med personen som er kontaktperson på den aktuelle aktiviteten.
Alle aktivitetane er heilt gratis å delta på.
- Barn 6 – 12 år
- Unge 13 – 20 år
- Nokre aktivitetar kan ha lågare aldersgrense
Sommarmoro med skyting
Når: 23. juni - 25.juni kl.10-1430 alle dagar
Kvar: Oppmøte på skytebana, Einvaldsgjerde 10
Dette er eit fint tilbod for born og unge i bygda i starten på skuleferien.
Lær skyting, opplev meistring, spenning og samhold!
Nedre aldersgrense vil vere elevar som er ferdige i 3. klasse på skulen dette
året. Me har plass til inntil 10 deltakarar så meld deg på med ein gong!
Alt er gratis!
Påmelding her: https://forms.office.com/pages/responsepage.aspx...
Program: https://dfsgrasrot.no/leikanger-skyttarlag/article/sommarmoro-skyting-2024
For spørsmål kan du kontakte Olav Skarsbø på epost: olav.skarsbo@gmail.com
Jonsokmoro på Nokkaneset – Opplev Leikanger
Når: Måndag 23.juni kl.16.
Kvar: Nokkaneset
Tradisjon tru vert det Jonsokfeiring og midtsommarfest på Nokkaneset.
Leikar for barn og unge. Jonsokbål, leikar, is, grillmat m.m.
(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)
Aktivitetsdag med Leikanger Jakt- og Fiskelag
Når: Tysdag 1. juli kl.11-14
Kvar: Oppmøte ved småbåthavna
Som ein del av SommarMoro 2025 arrangerer Leikanger Jakt- og Fiskelag fiskekonkurranse ved småbåthavna. Det blir premiering, og det vil bli servert grillmat og drikke til alle deltakarar! Ta med eigen fiskestang om du har. Jakt og fiskelaget har til utlån. På grunn av matsevering må me ha ein påmelding. Det vert servert laks og grønnsaker grilla i aluminiumsfolie. Me oppfordrar spesielt barn og ungdom, heile barnefamiliar med innvandrarbakgrunn til å kome å delta på denne kjekke dagen.
For påmelding og spørsmål kan du kontakte Bjarne Sjøthun
Telefon: 90957245 – Epost: bjarne@osland.no
Påmeldingfrist: 27.juni
Sommarmoro med Handarbeidslaget Sans & Samling
Jakta på sommarskyggen
Når: Torsdag 3. juli frå kl.10-13
Kvar: Oppmøte i krysset mellom Klopparteigen og Kleppavegen.
Målgruppe: Born frå 6 år til 12 år
Handarbeidslaget inviterer til ein teikneverkstad for barn mellom 5/6 og 10/12 år. Vi samlast i skogen, ungane får utdelt lerret og måle- eller teiknesaker, og vert utfordra til å teikne fine skyggar frå tre, blad eller anna.
Vi held på ein til to timar i skogen. Etter dette samlar vi oss og avsluttar med deling, prat og litt mat. Dei yngste ungane må ha med seg ein vaksen på dette.
Påmelding via skjema innan 30. juni: https://forms.gle/cypgy1Kc3kbVwook7
Aktivitetsdag med Røde Kors
Når: Torsdag 3.juli kl.13-16
Kvar: Oppmøte ved Røde kors-huset på Hanahaug.
Røde kors inviterer til kjekke og artige aktivitetar og konkurransar. Alle deltakarane får premie! Det vert også servering av pizza og brus.
For påmelding og spørsmål kan du kontakte Julie Eriksen Grønhaug
Epost: julie.gronhaug@gmail.com / Tlf: 95091845
RIB på fjorden
Når: Tysdag 8. juli kl 13:00
Kvar: Oppmøte ved småbåthavna
Å køyre RIB er ein fantastisk måte å oppdage fjorden på! Det blir stopp enten i Balestrand eller Fresvik med mulighet for å kjøpe is og brus. Det er berre å møte opp. Alle som kjem får tur på fjorden!
Kontaktperson Jan Erik Bøyum -Telefon: 95781500 – Epost: jeb@sognbb.no
(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)
SommarMoro i Musikkstudio-Bli artist for ein dag!
Når: Torsdag 10.juli og måndag 11.august (andre datoer kan også vere aktuelle så ta kontakt)
Har du lyst å vere artist for ein dag ? Kanskje du har ein draum om å spela inn din eigen sang?
- Innspeling av song
- Låtskriving
- Musikkproduksjon i profesjonelt studio
- Grunnkurs i gitar, bass og trommer
*Begrensa plassar
*Aldersgrense 8 - 20 år
*Denne sommaraktiviteten er heilt gratis å delta på.
Påmelding:Send e-post til tor@tortalle.com
Kontaktperson: Tor Talle – Tlf. 928 93 432
Dette er eit arrangement av TT Music Production i samarbeid med Leikanger Frivilligsentral.
SommarMoro for ungdom på LF RiverDal – Møteplass på Saften
Når: Torsdag 7.august frå kl 13:00 - 15:00
Kvar: LF Riverdal Møteplass
Brettspel, Kort, Vafler og Saft
Aldersgrense 7.klasse til 17 år.
(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)
Rekrutteringsdag til skytesporten (Leikanger Skyttarlag, Leikanger Jakt- og fiskelag og Leikanger Sportskyttarlag)
Når: Laurdag 9.august kl.12:00
Kvar: Oppmøte på leirduebana på Kleppa, etterpå vert det pistol og rifleskyting på skytebana i Eivaldgjerde
Vi inviterer vi ungdom og vaksne til å bli kjent med tilbodet i Leikanger Jakt- og fiskelag, Leikanger sportskyttarlag og Leikanger Skyttarlag under kyndig instruksjon/opplæring.
Oppstart vert på leirduebane på Kleppa. Etter leirdueskyting vert det pistol og rifleskyting på skytebana i Eivaldgjerde. Foreldre/føresette vert oppmoda til å bli med borna sine.
Alle som deltek får grilltallerken / grillmat og drikke.
ALT er gratis!
Kontaktperson er Olav Skarsbø
Epost: olav.skarsbo@gmail.com / Tlf: 90993462.
(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)
Duellen (Leikanger Skyttarlag, Leikanger Jakt- og fiskelag og Leikanger Sportskyttarlag)
Når: Søndag 10.august kl.10:00
Kvar: Oppmøte på leirduebana på Kleppa, etterpå vert det pistol og rifleskyting på skytebana i Eivaldgjerde
Kven er det beste skyttaren og det beste skyttarlaget i Leikanger?
Uformell duell med premiering.
Oppstart vert på leirduebane på Kleppa. Etter leirdueskyting vert det pistol og rifleskyting på skytebana i Eivaldgjerde.
Foreldre/føresette vert oppmoda til å bli med borna sine.
Alle som deltek får grilltallerken / grillmat og drikke.
ALT er gratis!
Kontaktperson er Olav Skarsbø
Epost: olav.skarsbo@gmail.com / Tlf: 90993462.
(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)
Sommarmoro med Handarbeidslaget Sans & Samling
Sommarsaum
Når: 12. 13. 14 og 15. august, mellom 2 og 3 timar kvar dag.
Kvar: Ungdomsskulen eller Ungdomshuset
Målgruppe: Ungdom mellom 13 og 16 år
I august vil Handarbeidslaget Sans og Samling invitere ungdomar til å sy seg ein enkel kjole eller ei haremsbukse med ombruksbruksmateriale som sengetøy, gamle klede, stoffrestar eller for store klede.Vi vil også utfordre ungdomane til å lage ein liten film av prosessen og ikkje minst resultatet.
Ungdomane bør ta med eigne symaskiner, men vi skal forsøke å finne maskiner til utlån dersom det er behov for det.
Detaljert plan:
Dag 1: Teikne/designe plagget.
Dag 2: Klipp av mønster og «zikzake» stoff
Dag 3: Sy!
Dag 4: Vi feirer plagget med moteframsyning og litt god mat.
Påmelding via skjema innan 7. august: https://forms.gle/8mz3sGJqFzRerTgLA
Konsert for barn og unge på Leikanger Fjordhotel
Når: Torsdag 14. august frå kl 17:00
Kvar: Leikanger Fjordhotel
Utekonsert i hagen (Ved dårleg vær blir konserten flytta inn)
Kontaktperson for arrangementet: Dag-André Mo
Tlf: 90613795 - Epost: 20dagmo@sogndal.kommune.no
Det er heilt gratis og for alle aldrar. Bli med!
Dette er eit alkoholfritt arrangement.
ARRANGØRAR:
Del på:
-
Opent Speidarmøte 4.juni
Systrond 1 speidargruppe ønskjer deg velkommen til åpent speidermøte i Pilaviki kl.1830. Bli med oss på et speidermøte, der du får prøve ulike aktiviteter slik som f.eks. førstehjelp, kanopadling (væravhengig), tenning av bål, leker, og sjølvsagt vert det noko godt å grille på bålet.
-
Ny leiar og bemanna tider
Dag-André Mo er tilsett som ny leiar på Frivilligsentralen. I perioden 12.mai-31.juli vil vedkomande jobbe i 50%, med kontordagar måndag kl.12-15 og tysdag/torsdag kl.9-15.
-
Leikanger Jakt- og Fiskelag skal arrangera «natur- og viltsti» for heile familien på Kleppa søndag 11.mai kl.12:00-16:00😀
-
Livet i Pilavika