Her er programmet for SOMMARMORO 2024. Mange fine aktivitetar for barn, unge og ungdom på Leikanger i sommarferien.



 


Me har fått innvilga tilskot frå Gjensidigestiftinga til å arrangere sommaraktivitetar for barn og unge i sommarferien.

Sommarmoro er eit samarbeid mellom Leikanger Frivilligsentral og lag og organisasjonar på Leikanger.

Tusen takk til alle dei frivillige som er med og bidrar til kjekke aktivitetar og skapar gode møteplassar for barna og unge på Leikanger!

Me ser fram til mange kjekke stunder med store smil, latter og inkludering. Håpar mange vil nytte seg av tilbodet og melde seg på 

Påmelding skjer  påmeldingsskjema eller å sende mail direkte til e-postadressa som er oppnevnt i den aktiviteten du ønsker å melde deg på. Dersom du har nokre spørsmål til aktiviteten eller andre ting, så ta kontakt med personen som er kontaktperson på den aktuelle aktiviteten.

Alle aktivitetane er heilt gratis å delta på. 

  • Barn 6 – 12 år
  • Unge 13 – 20 år
  • Nokre aktivitetar kan ha lågare aldersgrense






Sommarmoro med skyting

Når: 21.juni - 24.juni og 25.juni 2024

Kvar: Oppmøte på skytebana, Einvaldsgjerde 10

Dette er eit fint tilbod for born og unge i bygda i starten på skuleferien.

Lær skyting, opplev meistring, spenning og samhold!

Nedre aldersgrense vil vere elevar som er ferdige i 3. klasse på skulen dette

året. Me har plass til inntil 10 deltakarar så meld deg på med ein gong!

Alt er gratis!


Påmelding her: https://forms.office.com/pages/responsepage.aspx...

Program: https://dfsgrasrot.no/leikanger-skyttarlag/article/sommarmoro-skyting-2024

For spørsmål kan du kontakte Olav Skarsbø på epost: olav.skarsbo@gmail.com


Jonsokmoro på Nokkaneset – Opplev Leikanger

Når: Søndag 23.juni 

Kvar: Nokkaneset

Tradisjon tru vert det Jonsokfeiring og midtsommarfest på Nokkaneset.
 Leikar for barn og unge. Jonsokbål, leikar, is, grillmat m.m.

Meir info her: https://www.opplevleikanger.no/arrangement/jonsokfeiring

(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)


SommarMoro i Musikkstudio

Når: 24.juni og onsdag 7.august 

(Andre datoer kan også vere aktuelle så ta kontakt)

Har du lyst å vere artist for ein dag ? Kanskje du har ein draum om å spela inn din eigen sang eller læra å spela eit instrument ? Meld deg pao!

-Musikkproduksjon, Låtskriving og innspeling av sang.

-Grunnkurs i gitar, bass og trommer.

Påmelding til Epost: tor@tortalle.com

Kontaktperson: Tor Talle: Tlf 92893432


Aktivitetsdag med Røde Kors 

Når: 29. juni

Kvar: Oppmøte ved Røde kors-huset på Hanahaug.

Røde kors inviterer til kjekke og artige aktivitetar og konkurransar.Alle deltakarane får premie! Det vert også servering av pizza og brus.


For påmelding og spørsmål kan du kontakte Dorthea Alisøy

Epost: dorthea.r.alisoy@gmail.com / Tlf: 90181839 




Aktivitetsdag med Leikanger Jakt- og Fiskelag 

Når: 2. juli kl. 11:00 – 14:00
 
Kvar: Oppmøte ved småbåthavna
 
Som ein del av SommarMoro 2022 arrangerer Leikanger Jakt- og Fiskelag fiskekonkurranse ved småbåthavna. Det blir premiering, og det vil bli servert grillmat, is og drikke til alle deltakarar!
 Ta med eigen fiskestang om du har. Jakt og fiskelaget har til utlån.


For påmelding og spørsmål kan du kontakte Bjarne Sjøthun

Telefon: 90957245 – Epost: bjarne@osland.no

Påmeldingfrist: 28.juni


RIB på fjorden 

Når: 4. juli kl 13:00
 
Kvar: Oppmøte ved småbåthavna
 
Å køyre RIB er ein fantastisk måte å oppdage fjorden på! Det blir stopp enten i Balestrand eller Fresvik med mulighet for å kjøpe is og brus. Meld dykk på!
 
Kontaktperson Jan Erik Bøyum -Telefon: 95781500 – Epost: jeb@sognbb.no

(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)




Sommarmoro med Handarbeidslaget Sans & Samling


Når: 29. juni og 23. juli


Laurdag 29. juni frå kl 12. til kl. 14.

Kom på butikken Sans og Samling mellom kl 12 og kl. 14 og lag ditt eige hoppetau. Passar for alle born og unge.

Facebook hending: https://www.facebook.com/share/kyTsPuvfiepF2T5E/(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)

Tysdag 23. juli frå kl. 11. til kl. 14.

Strikke- og heklekurs for born og unge.Vil du lære å strikke eller hekle? Har du kanskje lært å strikke ein gong, men treng litt oppfrisking? 

Meld deg på strikkekurs.Stad:Frivilligsentralen, 2. etasje på Saften. 

Påmelding: https://forms.gle/u1wjLVjMSjNwa6xDA  




SommarMoro for ungdom på LF RiverDal – Møteplass på Saften

Når: 5.august frå kl 13:00 - 15:00 

Kvar: LF Riverdal Møteplass

Brettspel, Kort, Vafler og Saft

Aldersgrense 7.klasse til 17 år.

(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)




Rekrutteringshelg til skytesporten

Rekrutteringshelg – Leikanger Skyttarlag, Leikanger Jakt- og fiskelag og Leikanger Sportskyttarlag.


Laurdag 17.august: Oppstart vert på leirduebane på Kleppa. Frammøte kl. 10:00 – 12:00. Etter leirdueskyting vert det pistol og rifleskyting på skytebana i Eivaldgjerde.

Søndag 18.august inviterer vi unge og vaksne til å bli kjent med tilbodet i Leikanger Jakt- og fiskelag, Leikanger sportskyttarlag og Leikanger Skyttarlag. Vi byrjar dagen på leirduebane på Kleppa. Frammøte kl. 12:00 – 14:00. Etter leirdueskyting vert det pistol og rifleskyting i Eivaldgjerde. Foreldre/føresette vert oppmoda til å bli med borna sine.

Ingen påmelding – ALT er gratis

Kontaktperson er Olav Skarsbø

Epost: olav.skarsbo@gmail.com / Tlf: 90993462.

(Det er ikkje behov for påmelding til denne aktiviteten)


grilling

Gratis deltaking fo

Konsert for barn og unge på Leikanger Fjordhotel 

Når: 15. august frå kl 17:00 

Kvar: Leikanger Fjordhotel

Utekonsert i hagen (Ved dårleg vær blir konserten flytta inn)

Kontaktperson for arrangementet: Tor Talle

Tlf: 92893432 - Epost: tor@tortalle.com

Det er heilt gratis og for alle aldrar. Bli med!
 
Dette er eit alkoholfritt arrangement.














2024 © Leikanger Frivilligsentral