-
Aktivitetar frå Jakt-og fiskelaget
Klikk på saka for å få ei oversikt over kva aktivitetar Jakt- og fiskelaget kan tilby i mai.
Har du lyst til å melda deg på ein fritids- eller kulturaktivitet, men veit du ikkje kva som finst? Me har samla saman ein heil del aktivitetar og tilbod for å gjera det enklare å vera aktiv på fritida i Sogndal kommune.
Kva kan eg gjera på fritida?
Friidrett på Syril stadion. (Foto: Mariann Skau)
Har du lyst til å melda deg på ein fritids- eller kulturaktivitet, men veit du ikkje kva som finst?
Me har samla saman ein heil del aktivitetar og tilbod for å gjera det enklare å vera aktiv på fritida i Sogndal kommune.
Her kan du finna informasjon om kvar aktivitet på heile åtte ulike språk. I tillegg kan du sjå video om kva aktivitetane går ut på og kven du kan kontakta for å bli med.
Å delta i fritidsaktivitetar gir ei rekke fordelar som strekker seg frå personleg vekst og sosialt fellesskap til forbetra helse og trivsel, både for enkeltpersonar og samfunnet samla sett.
Finn deg ein spennande aktivitet og meld deg på!
Gje oss ein lyd om det er nokre lag eller foreiningar du ser manglar. Send gjerne ein e-post til ingrid.annette.kristiansen@sogndal.kommune.no
Del på:
-
Jaktskyttarskule
Leikanger Jakt- og fiskelag arrangerer jaktskyttarskule.
-
Kunne du tenke deg å vere "vaktmeistar"?
Me søker no om frivillige som har lyst å hjelpe andre med praktiske ting.
-
Språkkafé
Me startar opp att med Språkkafé på frivilligsentralen tysdag 14.april kl.18.
-
Opningstider i påsken
Her finn du kva dagar og tider me held ope i påskeveka.