-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
"LAGET VÅRT! - Sommarlunsj på våre miljøskaparar på Frivilligsentralen!
"LAGET VÅRT!
Systrendingar og me som jobbar på Frivilligsentralen, har nokre fantastiske miljøskaparar rundt oss :Ivar, Karin, Anne Grete, Finn, Elin og Irene!
Dei stuller og steller for bygdafolket, forbireisande og ikkje minst oss to som jobbar her! Lån av utstyr, nytrekt kaffi, sjokolade og vafler - kunne me hatt betre (arbeids-)dagar på Frivilligsentralen - niks! 🙂 Hjå oss møtes bygdafolket til ein kaffikopp, skravling og latter, i triveleg lag - takka vere denne gjengen frivillige som overtek bygdalokalet LF RiverDal, fleire dagar i veka!
No er det ferietid, og mange frivilligsentralar må halde stengt, men hjå oss finn du det ope opp til fleire dagar i veka også i juli månad;
- Ivar og Tor styrer LF RiverDal heile juli månad, og skravlekroken står og ventar på blide sambygdingar kl 9-14.
- LF SystrondsBUI er også open gjennom å booke utstyr frå vår heimeside, med henting og innlevering tysdagar og torsdagar, av Tor og Finn
- SommarMoro er full sving, og alle dei frivillige i lag og organisasjonar på Leikanger, tek seg av born og unge:
- Gratis aktivitetar, inkludering og ingen krav til 'merkeklede' - berre å møte opp! SO STAS!
Tusen takk til alle frivillige for at me spelar på same lag!
Vil med dette få ynskje alle våre følgjarar og medspelarar ein RETTLEG GOD SOMMAR!
Mona 🙂"
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.