-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Unge eldsjeler - Ein vil gjerne invitere organisasjonen din til å søke plass til deltakarar i det nyoppstarta programmet «Unge Eldsjeler»
Ein vil gjerne invitere organisasjonen din til å søke plass til deltakarar i det nyoppstarta programmet «Unge Eldsjeler».Unge eldsjeler er eit eittårig program for dei mellom 18 og 30 år innanfor frivillige organisasjonar i Sogn og Fjordane. Tilbodet er gratis for både deltakar og organisasjon - og det er begrensa tal plassar i kvart kull.
Sogn og Fjordane er full av små og store tettstadar. Alle har behov for frivillig arbeid for å oppretthalde eit attraktivt fritidstilbod for born, unge, vaksne og eldre i deira lokalsamfunn.
Ei av dei store utfordringane for frivilligheita er å behalde eldsjelene over tid. Me ønskjer å styrke det frivillige arbeidet i regionen vår. Dette trur me kan gjerast ved å gi unge eldsjeler betre innsikt og kunnskap om å drive ein frivillig organisasjon og på denne måten motivere til vidare engasjement.
Difor tilbyr me fagleg påfyll om tema som:
- Søknadsskriving
- Organisasjonsarbeid (planlegging, økonomi)
- Styrearbeid
- Kommunikasjon og marknadsføring
- Pedagogikk og samhandling
Me legg opp til tre fysiske samlingar gjennom eit skuleår, der alle deltakarane møtast. Samlingane skal vera både sosiale, motiverande og nettverksbyggande. Årets første samling kan mellom anna by på Rib-tur og Olaf Tufte!
Programmet er eit initiativ frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Dei la fram prosjektet for ViteMeir, som i dag står for prosjektleiinga. Du kan finne meir informasjon om innhald og retningslinjer i vedlagt pdf, og søknadsskjema og program på nettsida vår www.ungeeldsjeler.no Søknadsfrist: 31. august
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.