-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
SommarMoro med Leikanger Skyttarlag
SOMMARMORO MED LEIKANGER SKYTTARLAG
Leikanger skyttarlag arrangerer Sommarmoro 20. juni - 22. juni i samarbeid med Leikanger Frivilligsentral og med støtte frå Gjensidigestiftinga. Dette er eit tilbod for born og unge i bygda rett etter at skulen er avslutta. Lær skyting, opplev meistring, spenning og samhold! Nedre aldersgrense vil vere elevar som er ferdige i 3. klasse på skulen dette året. Me har plass til inntil 10 deltakarar så meld deg på med ein gong! Alt er gratis!
Program
20.juni: Oppstart 09:30, lunsj 12:00, avslutning ca. 15:30
Me byrja fyrste dag med eit sikkerheitskurs. Sikkerheit kjem alltid fyst i skytesporten, og det er viktig at alle som er med kjenner til kva som er rett- og gale å gjere på ei skytebane. Etter sikkerheitskurset skal vi skyte med lasergevær og kaliber 22 innandørs
21.juni: Oppstart 09:30, lunsj 12:00, avslutning ca. 15:30
Deltakarane skal skyte utandørs skyting på 100m. Etter lunsj vert det Skogsløp med skyting Vi skal og prøve pil og bogeskyting og spele dart denne dagen.
22.juni: Oppstart 09:30, lunsj 12:00, avslutning ca. 14:30
I dag står feltskyting på programmet. Vi skal skyte på blinkar som ikkje er runde. Det vert også dart, og pil og boge og laserskyting. Vi avsluttar med grilling og premieutdeling til alle som deltek.
Påmelding her: https://forms.office.com/e/9r8guF5vG5
For spørsmål kan du kontakte Olav Skarsbø på olav.skarsbo@gmail.com / 90993462.
Sommarmoro med Leikanger skyttarlag er i Eivaldgjerde 10 på Leikanger

Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.