-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Alle frivillige lag, organisasjonar og andre interesserte i Leikanger, vert hermed kalla inn til eit ope møte i Leikanger Frivilligsentral
Innkalling til kontaktmøte for Leikanger Frivilligsentral
Alle frivillige lag, organisasjonar og andre interesserte i Leikanger, vert hermed kalla inn til eit ope møte i Leikanger Frivilligsentral.
Møtet er eit årleg kontaktmøte mellom dei inviterte og Sogndal Kommune. Formålet er å drøfte idear og få fram meiningar om korleis Frivilligsentralen best kan gjere jobben sin. Frivilligsentralen har som mål å skape trivsel.
Tid: torsdag 23. mars kl 15.30 - 17.00
Stad: Leikanger Frivilligsentral, 2. et. Saften
Sakliste:
- Velkommen, val av ordstyrar
- Orientering om Frivilligsentralar i Sogndal kommune v/dagleg leiar
- Årsmelding 2022 Leikanger Frivilligsentral:
- Drøftingar, idear og synspunkt
- Orientering om bruken av areala i Saften, v/tenesteleiar Samfunnsutvikling T. Solbraa
- Utviding av tal representantar i Rådet
- Nye vedtekter for Frivilligsentralane
- Val
Det er viktig at alle lag og organisasjonar vert representerte på møtet. Dette er eit høve til å drøfte korleis lag og organisasjonar kan samarbeide med kommunen om gode tilbod til folk på Leikanger.
Velkommen!
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.