-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Velkomen til ope møte om Saften – ute og inne
Velkomen til ope møte om Saften – ute og inne
Tid: 2. mars 2023 kl. 19.00
Stad: Sognefjord Hotel
Opplev Leikanger inviterer til årsmøte og ope møte om «Saften - ute og inne» på Sognefjord Hotel torsdag 2. mars Kl. 19.00. Møtet er for alle systrendingar og andre interesserte
Me startar med årsmøte - tek så ein pause med servering av kaffi og kake til dei frammøtte, før me går vidare i programmet med det opne møtet.
Ope møte: Korleis gjera Saften inne og ute til ein endå viktigare sosial møteplass i framtida?
Administrasjonen i Sogndal kommune skal flytta inn i Saften. I samband med dette skal andre fasilitetar også oppgraderast. Me håpar at Saften kan bli ein endå viktigare sosial møteplass i framtida. Samstundes ønskjer kommunen å gjera området rundt Saften grønare, meir inkluderande og meir aktiviserande.
Korleis kan me leggja til rette for meir liv og røre i og utanfor Saften saman med innbyggjarane? For å finna ut av det treng kommunen å samspela med systrendingane. Sogndal kommune kjem for å innleia til dialogen.
Vel møtt alle saman – og som sagt – møtet er ope for alle. Ta gjerne med naboen eller ein du kjenner.
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.