-
Sommarmoro 2025
Sommarmoro er eit gratis tilbod til alle born og unge. Klikk deg inn og sjå alle dei flotte aktivitetane som frivillige lag og organisasjonar kan tilby i sommarferien på Leikanger.
Stavsete skifest 2023 - skileik, skredworkshop, konkurransar og guida topptur
Fyrste helga etter påske arrangerer Sognefjordrennet "Stavsete skifest", saman med Lurkalaget.
Det vert skileik, skredworkshop, konkurransar og guida topptur med base midt i Leikanger sitt vintereldorado. Set av helga.
HUKSDALEN/STAVSETE:
Køyr frå Leikanger mot Hella på Rv13. Ta av riksvegen ved skiltet til Eggum. Følg skogsvegen inn Huksdalen, forbi porten og ca. 5 km inn til parkeringa. Det er ca. 30 minutters gange på ski fram til campområdet ved Stavsete.
PROGRAM LØRDAG 15.april:
Topptur
Sognefjordrennet
Grilling med gratis mat
Dunjakkedisko
Lavvocamp
PROGRAM SØNDAG 16.april:
Topptur
Skredworkshop
Jibbing/skileik
Huksdalen byr på turar av ulik lengde og seriøsitesgrad. Panormatur, eller bratte sider? Arrangør vil bistå med tips til tur og føring.
OVERNATTING:
Det vert lagt opp til overnatting på Stavsete. Arrangøren stiller med grill/bål og enkel grillmat. På kvelden dreg me i gang dunjakkedisko!
Ta med telt, liggeunderlag, sovepose og varme kleder!
Stavsete skifest 2023 | Facebook
Del på:
-
Opent Speidarmøte 4.juni
Systrond 1 speidargruppe ønskjer deg velkommen til åpent speidermøte i Pilaviki kl.1830. Bli med oss på et speidermøte, der du får prøve ulike aktiviteter slik som f.eks. førstehjelp, kanopadling (væravhengig), tenning av bål, leker, og sjølvsagt vert det noko godt å grille på bålet.
-
Ny leiar og bemanna tider
Dag-André Mo er tilsett som ny leiar på Frivilligsentralen. I perioden 12.mai-31.juli vil vedkomande jobbe i 50%, med kontordagar måndag kl.12-15 og tysdag/torsdag kl.9-15.
-
Leikanger Jakt- og Fiskelag skal arrangera «natur- og viltsti» for heile familien på Kleppa søndag 11.mai kl.12:00-16:00😀
-
Livet i Pilavika