-
Aktivitetar frå Jakt-og fiskelaget
Klikk på saka for å få ei oversikt over kva aktivitetar Jakt- og fiskelaget kan tilby i mai.
Barnas Turlag Leikanger inviterer deg og familien med på "Kom deg ut-dagen" på Kleppa!
Barnas Turlag Leikanger inviterer deg og familien med på Kom deg ut-dagen på Kleppa! 😃
Dato er søndag 5.februar kl 11.00
Kom deg ut-dagen vinteren 2023 blir i år feira med tur frå Kleppa til Øvstestølen!🏔️
På vegen opp har vi laga til turpostar med spørsmål til heile familien. Framme på Øvstestølen blir det skileik og graving i snøen, og kanskje ei aldri så lita trekning av premiar?⛷️🎁😃 Vi tenner opp bålpanne, og sponsoren vår, Kiwi, har gitt oss pølser, som vi deler ut til alle som har lyst å grille. 🔥🌭Ta gjerne med grillmat sjølv om de vil, og hugs sitteunderlag og noko varmt å drikke. 🫖
Turen til Øvstestølen er ca 1 km lang og passar for dei fleste! Ungar som deltek i skikarusellen kan skrive seg i boka på Øvstestølen, og få "poeng" for dette.
Del på:
-
Jaktskyttarskule
Leikanger Jakt- og fiskelag arrangerer jaktskyttarskule.
-
Kunne du tenke deg å vere "vaktmeistar"?
Me søker no om frivillige som har lyst å hjelpe andre med praktiske ting.
-
Språkkafé
Me startar opp att med Språkkafé på frivilligsentralen tysdag 14.april kl.18.
-
Opningstider i påsken
Her finn du kva dagar og tider me held ope i påskeveka.