-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
"Eg er her enno" - Eli Strand om livet med uhelbredeleg kreft. Eli Strand frå Leikanger kjem til oss onsdag 25.januar kl 1200 i FL Riverdalen - Saften.
Eli Strand var tidligare programleiar i God Morgen Norge, men fekk livmorhalskreft i 2017. Ho har sidan levd med kreften og har vore gjennom fleire runder med cellegift. Strand er ikkje framand for å snakke om kreften, og starta podkasten Helsikes kreft. No er ho aktuell med boka «Eg er her enno: livet med uhelbredelig kreft» der ho skildrar korleis det er å leve med dårlege prognosar, og om håpet som har kome og forsvunne. Sommaren 2021 vart Strand den første i Noreg til å prøva ein ny og lovande immunterapi. Så kom hausten, då fekk ho beskjed om at behandlinga ikkje fungerte likevel.
«Eg er her enno» er ei bok om å vere drit lei, om å finne styrke og ikkje minst om glede.»
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.