-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
2023 - Frivilligsentralen i full drift!
Her hjå oss er det ope på LF RiverDal - bygdi sin skravlekrok, og på LF SystrondsBUI utstyrssentral.Me er komne eit par dagar inn i 2023 og eg vil nytte høvet til å takke for det gamle. Takk til alle frivillige som har stått på og til alle som har komme innom for å slå av ein prat. Me utviklar Frivilligsentralen i bygda SAMAN! :-)
GODT NYTT ÅR TIL ALLE!
Her er me i gang att med kaffikos så å seie kvar dag frå kl 9.30 - 14.00. Når våre trufaste frivillige stiller opp er det alltid litt ekstra å få attåt kaffien - gjerne nysteikte vafler utanom den gode sjokoladebiten som alltid står framme. Våre faste frivillige på LF RiverDal er her måndagar, onsdagar, fredagar og gjerne laurdagar når dei får det til å passe slik. Då kan du høyre summelyden frå den trivelege Skravlekroken i bygdi.
Utlån frå LF SystrondsBUI går som det susar. Huks å gå inn via heimesida vår, SystrondsBUI og og utlånsportalen. Her reserverer du det utstyret du ynskjer å låne, og den aktuelle perioden.
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.