-
Sommarmoro 2025
Sommarmoro er eit gratis tilbod til alle born og unge. Klikk deg inn og sjå alle dei flotte aktivitetane som frivillige lag og organisasjonar kan tilby i sommarferien på Leikanger.
Kjerringi Open 2022
Bli med å bidra inn mot arrangement for barn og unge under Kjerringi Open!Hei alle sammen!
Kjerringi Open 2022 blir arrangert 23 april, og dette vert ei kjekk helg her på Leikanger!
"Frå fjell til fjord på Leikanger
Vaorens vidlaste eventyr
Fjellski – langrenn – løping – sykling
Fire på lag eller ta alt sjølv
Start: Toppen av Kjeringafjedle 13.14
Mål: Hanahaug kai
Kjeringi Open har frå første dag handla om å ta i bruk det vi har naturgjevne forhold i nærområde. Telemarksving og skileik danna starten på eventyret som såg dagens lys i 1993."
I målområdet på Hanahaug skal det vere aktivitetar for barn og ungdom, og i den anledning treng Kjerringi Open personar som kan bidra rundt nokre av aktivitetane, og hjelpe til ved aktivitetane.
Aktivitetar det trengs frivillige til:
* Stjerner i sikte-
Sang og dans for barn frå 1-6 klasse. Her er det opptreden gruppevis på scena. "Stjerner i sikte" startar kl 1230, og det blir premieutdeling kl 1530.
Her trengst det 1- 2 personar som kan hjelpe til med koordinering av grupper.
* Kjerringi Open junior-
Sykkelløp for dei minste barna. Varer frå kl 1130 til 1300. Barna får startnummer, tek med seg sykkel og hjelm, og sykler gjennom ei løype tilrettelagt for barn.
Her trengst det nokre personar som kan vere med å hjelpe litt til rundt arrangementet, og passe på at alt går greit.
* Opp/nedrigging-
Det trengs spesielt folk som kan hjelpe til og bidra med opp- og nedrigging av stolar, bord og festivaltelt. Dette arbeidet startar fredagsformiddag. Kjerringi Open komiteen blir veldig glade for all hjelp dei kan få i forbindelse med dette! Jo fleire folk som vert med, jo fortare går det!
Kjerringi Open komiteen vert svært glade for om folk kan bidra rundt arrangementet, for å skape kjekke aktivitetar, mykje folkeliv og god stemning på Leikanger denne helga.
Har du lyst til å vere med å hjelpe til?
Ta direkte kontakt med Leif Inge Husabø på telefon 994 44 683 dersom du har spørsmål til nokre av aktivitetane, eller om du kan vere med å bidra til at Kjerringi Open blir eit svært kjekt og vellykka arrangement for både store og små! :-)
Del på:
-
Opent Speidarmøte 4.juni
Systrond 1 speidargruppe ønskjer deg velkommen til åpent speidermøte i Pilaviki kl.1830. Bli med oss på et speidermøte, der du får prøve ulike aktiviteter slik som f.eks. førstehjelp, kanopadling (væravhengig), tenning av bål, leker, og sjølvsagt vert det noko godt å grille på bålet.
-
Ny leiar og bemanna tider
Dag-André Mo er tilsett som ny leiar på Frivilligsentralen. I perioden 12.mai-31.juli vil vedkomande jobbe i 50%, med kontordagar måndag kl.12-15 og tysdag/torsdag kl.9-15.
-
Leikanger Jakt- og Fiskelag skal arrangera «natur- og viltsti» for heile familien på Kleppa søndag 11.mai kl.12:00-16:00😀
-
Livet i Pilavika