-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Me søker frivillige!
Har du lyst til å melde deg som frivillig? Det kan vere mykje forskjellig ein kan bidra med!
Å vere frivillig er ein flott måte å bidra til lokalsamfunnet, gjere noko meiningsfullt og viktig for andre, kan læra nye ting, samt bli kjent med nye mennesker.
Me på Leikanger Frivilligsentral ser etter personar som kunne ha tenkt seg å bidra inn mot ulike oppgåver på sentralen vår. Me har ulike typar aktivitetar for forskjellige målgrupper, både for barn og unge, men også eldre og pensjonistar. Me treng fleire frivillige som kan vidareføre kjekke aktivitetar på sentralen vår, og nokre av aktivitetane våre er heilt avhengig av at frivillige er tilstades og kan legge til rette for treff.
Frivillige kan bidra der det trengs, til dømes kaffikoking og vaffelsteiking på frivilligsentralen på dagtid, samt andre aktivitetar som hobbykveld og filmkveld for barn og unge på kveldstid.
Frivillig innsats blir lagt merke til og verdsatt, og alle oppgåver er like viktige!
I år er det også Frivillighetens år- og me er i gang med planlegging av mange kjekke aktivitetar her på Leikanger, og me hadde blitt takknemlige for alle som har lyst å bidra!
Ta kontakt på telefon 94136251 dersom du ønskjer å melde deg som frivillig. Saman med frivilligkoordinatoren vår finn me ut av aktivitetar som du kan bidra med, ut i frå interesser og ønsker. Det å vere frivillig treng ikkje å vere bindande, og me legg til rette for fleksibilitet når det er ønskeleg.
Ta kontakt med oss på telefon, eller kom gjerne innom oss på kontoret for ein hyggeleg prat!
Beste helsing
Ingvild og Mona
Leikanger frivilligsentral
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.