-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
"Førjulskos på Leikanger"
Bli med å pynt tre!Oppdrag «Førjulskos på Leikanger»
For å skape juleglede og koseleg julestemning på Leikanger, ønsker Frivilligsentralen og Opplev Leikanger å utfordre private, lag og organisasjonar, skuleklassar, barnehagar til å pynte kvar sitt tre utanfor Saften og i parken. Dette var ein stor suksess i fjor, så me vil gjere dette i år også! Det vert kåring av det mest kreative og flottaste treet, og vinnaren får ein pengepremie som kan donerast til valfri organisasjon.
Retningslinjer:
• Påmelding til leikanger.frivilligsentral@sogndal.kommune.no eller telefon 94136251. Når de har meldt dykk på, vil de få tildelt eit tre som de skal pynte.
• Pynten må tåle å henge ute i regn og vind
• Pynten må ikkje henge så langt ned at den kan skade bilar som står parkert
• Tenk miljøvennlig og ver kreativ!
• Ein kan kun pynte tildelt tre som ein får ved påmelding
• Treet bør pyntast innan 8 desember, men jo fortare jo betre!
• Vinnaren blir kåra av tilsette ved frivilligsentralen saman med styret til Opplev Leikanger 16 desember.
Me håpar så mange som mulig ønsker å delta!
Med vennleg helsing
Leikanger Frivilligsentral og Opplev Leikanger


Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.