-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
LF SystrondsBUI
Lån utstyr hjå ossSystrondsBUI er namnet på Leikanger frivilligsentral sin utstyrssentral. På SystrondsBUI kan du låne fritidsutstyr til ulike aktivitetar for barn og ungdom heilt gratis. Dette er ein god muligheit for å kunne prøve utstyr for første gang, eller låne til skuleturar- og aktivitetsdagar. Me har mellom anna skiutstyr, telt og soveposer, truger, klatreutstyr, syklar, einhjulssyklar, stormkjøkken, bålpanne og mykje anna kjekt fritidsutstyr.
Idag har me rydda i SystrondsBUI, vaska og rydda i reolane, og fått på plass vinterutstyret i hyllene igjen.
Snart kjem snøen, og me har mykje vinterutstyr som de kan låne, heilt gratis!
Me har gode og moderne langrennsski med integrerte feller. Me har også slalomski i ulike størrelsar.
På bildet under ser ein ei oversikt over langrennssko og slalomsko i ulike størrelser for barn og ungdom. 
Me har mange soveposar, som er perfekt å låne dersom ein skal på overnattingsturar!

Me har moderne slalomhjelmar og slalombriller.

Trugeturar er blitt ein kjekk aktivitet for store og små. Dersom ein skal gå tur i snøen, er truger eit godt alternativ! Me har også gode hovudlykter og skredsøkarar som er mulig å låne.

Me har både enkle og doble hengekøyer, og hengekøyer med netting.

Sjekk ut bookingsystemet vårt her
Ta kontakt med oss eller kom innom oss i opningstidene dersom du vil sjå i utstyrssentralen vår eller om du har spørsmål!
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.