-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Lån av utstyr i høstferien
Det nærmar seg høstferie, og mange har tenkt seg ut på tur i høstværet eller prøve nye aktivitetar i ferien. Me har mykje tur- og fritidsutstyr som de kan låne gratis hjå oss. Me har blant anna telt, stormkjøkken, hengekøyer, liggeunderlag og soveposar. Kom gjerne innom kontoret vårt denne veka for å låne utstyr til ferien!
Neste veke har me reduserte opningstider, så derfor vil dei som bookar utstyr hjå oss få informasjon og koden til utstyrssentralen tilsendt i bekreftelsesmailen når ein har booka utstyr. Koden skal IKKJE gjevast ut til andre, og det er KUN den føresatte som har booka utstyret, som skal hente ut/levere utstyret i utstyrssentralen.
Informasjon over korleis ein bookar utstyr:
Du kan reservere det du vil låne i vårt bookingsystem, ved å klikke her
- Vareregister På bookingsida finn du varene me har. Klikk på vara du vil låne.
- Dato-til-dato i opptil ei veke. Du klikkar deg inn på aktuell vare, og bookar frå-dato til-dato. OBS! Dersom du ikkje får klikke på aktuell dato, er truleg vara ute på lån eller reservert av andre. Trykk vidare på "legg i korg", og "gå til kassen"
- Føresett . Skriv inn kontaktinformajonen din i dei tomme felta. Det må bookast og registrerast av føresett. Når det er registrert kan du trykke på "send bestillinga". Ein må ha bustadadresse Leikanger for å låne, men me samarbeider sjølvsagt med nabobygdene i kommunen ved høve.
- Mail. Du får no ein bekreftelse på mail over utstyret du har booka, og der er det også informasjon angåande henting og levering.
Leikanger Frivilligsentral er i 2. etasje på Saften. Når ein kjem opp trappa tek du til venstre, og går i ein "hestesko" til endes- me har utsikt nedover mot fjorden.
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.