-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Oppstart av aktivitetar
Sommarferien er over og me startar opp igjen med dei faste aktivitetane våreHei alle sammen!
Håpar alle har hatt ein fin ferie, og kosa seg masse i det fine sommarværet me har hatt. Håpar alle no er klare for ein flott haust på Leikanger.
Leikanger Frivilligsentral startar opp igjen med dei faste aktivitetane, og me gledar oss til å sjå både kjente og nye fjes på dei ulike aktivitetane våre og på møteplassen vår RiverDal.
Me har også fått mykje nytt utstyr på SystrondsBui (utstyrssentralen vår), og me jobbar med å få lagt det ut i bookingssystemet vårt. Kom gjerne innom oss dersom du er interessert i å låne utstyr- lån av utstyr er heilt gratis.
Aktivitetar ved sentralen:
Mandagar:
Kafe på LF Riverdal frå kl 10.00 til 13.00. Kafeen er open for absolutt alle, ta gjerne turen innom oss.
Tysdagar:
- Barseltreff på LF Riverdal frå kl 10.00.
- Gåtur frå kl 11.00. Oppmøte ved parkeringsplassen ved gravplassen i Strandavegen. Alle er hjertelig velkommen til å bli med på trimtur!
- Strikkekafe startar opp igjen i starten av september. Meir informasjon kjem etter kvart.
Onsdagar:
"Skravlekroken" på LF Riverdal frå kl 10.00. Alle er hjertelig velkommen innom oss for ein kaffikopp og prat.
Torsdagar:
"Skravlekroken" på LF Riverdal frå kl 10.00. Alle er hjertelig velkommen innom oss for ein kaffikopp og prat.
Basistrening for ungdom frå kl 15.00 til 16.00 i hallen på Saften. Dette tilbudet er i samarbeid med Systrening AS.
Fredagar:
Kafe på LF Riverdal frå kl 10.00 til 13.00 (startar opp igjen i veke 35).
Velkommen innom oss😀
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.