-
Aktivitetar frå Jakt-og fiskelaget
Klikk på saka for å få ei oversikt over kva aktivitetar Jakt- og fiskelaget kan tilby i mai.
SommarMoro på Leikanger
Planlegginga av SommarMoro er i gang!Hei alle sammen!
Me er godt i gang med planlegginga av SommarMoro for barn og ungdom på Leikanger! Me skal saman med lag og organisasjonar planlegge kjekke aktivitetar for barn og ungdom her på Leikanger i sommarferien. Desse aktivitetane og arrangementa kjem utanom ungdomsavdelinga sin Sommarskule som er dei to første vekene av sommarferien. Me planlegg derfor kjekke og sosiale aktivitetar nokre datoar i midten av sommarferien, samt mot slutten av sommarferien. SommarMoro vil vere for aldersgruppa 10 til 16 år, og det vert gratis deltaking for barn og ungdom på alle aktivitetane og arrangementa. Smittevernsreglane blir fulgt, og det blir påmelding til alle aktivitetane.
Me kjem tilbake med meir informasjon rundt alle dei kjekke aktivitetane som me har planlagt, samt dato og påmelding då dette er klart.
Dette blir kjempemorro! Me gledar oss! :-)
Beste helsing
Ingvild og Mona
Del på:
-
Jaktskyttarskule
Leikanger Jakt- og fiskelag arrangerer jaktskyttarskule.
-
Kunne du tenke deg å vere "vaktmeistar"?
Me søker no om frivillige som har lyst å hjelpe andre med praktiske ting.
-
Språkkafé
Me startar opp att med Språkkafé på frivilligsentralen tysdag 14.april kl.18.
-
Opningstider i påsken
Her finn du kva dagar og tider me held ope i påskeveka.