-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Tilskot frå Gjensidigestiftinga
Ei gledeleg overrasking, då me fekk tilskot til arrangement for born og unge på Leikanger!Ein måndag morgon vart me gledeleg overraska av Sigrid Henjum frå Gjensidigestiftinga!
Ho kunne fortelje at søknaden vår om midlar til arrangement og møteplass for ungdom (10-16 år) på Leikanger, verkeleg hadde falt i smak. Me fekk utdelt ein stor sjekk på kr 95.000,-!
Me ynskjer å nytte midlane ut att til lag og organisasjonar som vil arrangere møteplass for ungdommen i løpet av sommaren!
Det kan bli fiskekveld, grilling, sandvolleyball med god musikk (deltakar eller tilskodar - uansett kjekt å møtast!), førstehjelpskurs, båtturar - kunn fantasien set grenser. Me vil gjerne invitere inn lag og organisasjonar som ser mulegheiter for å arrangere, der me kan vere medarrangør, og nytte tilskotet til utgifter ved arrangementet, samt gi gratis inngang. Har du ikkje høyrt frå oss, så blir me veldig glade for om de tek kontakt! :-)
Arrangementa vil ikkje bli lagt til veke 25 og 26. Då har ungdomsavdelinga sommarskule for ungdom i heile kommunen!
Elles vurderer me aktivitet som kan gå heile året. mellom anna ser me på mulegheiten for å handle inn til dømes play stations og arrangere spel-kveldar. Men då må ungdommen sjølv bli med på laget! Kom innom, sei frå kva som er "bra" og korleis dette kan bli kjekt!
Kom innom oss for ein prat - måndagar og tysdagar er det gode mulegheiter for å treffe både Mona og Ingvild på Saften.
--- Leikanger Frivilligsentral - Riverdal møteplass og SystrondsBUI utstyrssentral ---
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.