-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
Leikanger frivilligsentral søker frivillige
Me ønskjer frivillige til våre aktivitetarLeikanger frivilligsentral ønskjer frivillige som kan bidra i ulike aktivitetar hos oss. Me har ulike typar aktivitetar for forskjellige målgrupper, både for barn og unge, men også eldre og pensjonistar. Me treng fleire frivillige som kan vidareføre kjekke aktivitetar på sentralen vår. Nokre av aktivitetane våre er heilt avhengig av at frivillige er tilstades og kan legge til rette for aktivitet. Ta kontakt på telefon 94136251 dersom du ønskjer å melde deg som friviilig, så finn me ut av kva du kan bidra med. Saman med frivilligkoordinatoren vår finn me ut av aktivitetar som du kan bidra med ut i frå interesser og ønskjer. Det å vere frivillig treng ikkje å vere bindande, og me legg til rette for fleksibilitet når det er ønskeleg.
Ta kontakt med oss på telefon, eller kom gjerne innom oss på kontoret for ein hyggeleg prat!
Beste helsing
Ingvild og Mona
Leikanger frivilligsentral
Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.