-
Isfiske
Leikanger Jakt-og Fiskelag inviterer til isfiske/familietur til Dalavatnet (Vassenden) i Sogndalsdalen søndag 1.mars 2026 frå kl.12:00 - 15:00. Les meir her.
SystrondsBUI
Utleige av fritidsutstyr hjå ossSystrondsBUI er namnet på Leikanger frivilligsentral sin utstyrssentral. I utstyrssentralen vår har me gratis utleige av fritidsutstyr og utstyr til forskjellige idrettar og aktivitetar for barn og ungdom. Utstyrssentralen vår ligg i 2. etasje på Saften. Når ein kjem opp trappa tek du til venstre, og går i ein «hestesko» til endes, i retning mot fjorden.
Her kan alle som vil låne utstyr. Dette er ein super muligheit for å kunne prøve utstyr for første gang, samstundes som du kan teste om dette er ein passande aktivitet for deg. Det er også muligheit for barn og ungdom å låne diverse utstyr til skuleturar, som kanskje elles blir lite brukt. Me har blant anna mykje skiutstyr, telt og soveposer, truger, klatreutstyr, syklar, stormkjøkken, bålpanne og mykje anna fritidsutstyr.
Me har eit elektronisk bookingsystem, som dykk finn her. For å booke utstyr trykker ein på utstyret ein vil låne, deretter kva dato ein vil låne det frå og til, og trykker på «legg i korg». Trykk deretter på «gå til kassen», og legg inn kontaktinformasjon din og "send bestillinga". Lån av utstyr er gratis, og det er viktig å lese gjennom reglar og retningslinjer før ein bookar utstyret.
Føresette kan booke, og er ansvarleg for henting og levering av utstyr til barnet sitt. I bemanna opningstid kan ein avtale at barnet/ungdommen hentar/leverer utstyr, etter avtale med tilsett ved Frivilligsentralen. Ved tilsendt kodelås skal denne ikkje gjevast ut til andre.
På grunn av koronarestriksjonar kan ein ikkje benytte seg av sjølvbetjeningsmuligheiten, og må derfor ta kontakt med oss på tlf 94136251 for henting og levering av utstyr.
Me har bemanna kontortid måndag til torsdag frå klokka 0900 til 1430.
Velkommen innom oss!






Del på:
-
Tilskot til utstyrssentralen
Me vil gi ein stor takk til Sparebanken Norge for tildeling av 25 000 kr i midlar til utstyrssentralen på Leikanger!
-
Røde kors aktivitetar 2026
Her finn du ei oversikt over tilbod som Leikanger Røde kors leverer for innbyggarane.
-
Jegerprøven 2026
Leikanger Jakt- og fiskelag startar opp med jegerprøven fredag 13.mars kl.18.
-
Pengegåve frå Sture Husabø sitt legat
Me vil gi ein stor takk til "Sture Husabø sitt legat" for tildeling av heile 150 000kr som skal delast på Frivillegsentralane sine utstyrssentralar på Leikanger, Balestrand og Sogndal. Gåva skal gå til innkjøp av nytt utstyr som kan lånast gratis ut til innbyggarane.